Hopp til innhold

Jerv-trenaren vil hente ny spiss

Jerv-trenar Arne Sandstø er klar på at klubben må hente ein ny spiss når overgangsvindauget opnar til sommaren.

Arne Sandstø, Start

Jerv-trenar Arne Sandstø på sidelinja mot Start laurdag.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

– Vi har nesten ingen som scorar mål. Men ting skal stemme for oss. Vi må få ja frå klubb, spelar og agent. Det er ein evigvarande prosess som har gått heilt frå førre overgangsvindauge, seier Sandstø til NRK.

Klubben har berre scora elleve mål på dei ti første kampane i årets 1. divisjon.

Laget ligg nest sist på tabellen. Laurdag vart det tap mot Start på Sør Arena.

Jerv tapte for Start

Sjå intervju med Jerv-trenaren etter tapet mot Start.

– Alt for dårleg

På spørsmål om han vil hente inn ein spiss i sommar, svarar han kontant:

– Ja.

– Så det vil komme?

– Det vil tida vise, seier han.

Trenaren trur Jerv i beste fall kan komme blant dei seks beste i årets 1. divisjon. For å klare det, meiner han at klubben må hente ein ny spiss.

Per Gunnar Topland

Per Gunnar Topland er styreleiar i FK Jerv.

Foto: Odd Rømteland / NRK

– Toppscorarane våre har to mål. Det er alt for dårleg med tanke på kor mykje vi skapar. Skal vi ha ambisjon om å vere på øvre halvdel, så må vi ha nokon som scorar tosifra mengd mål. Det har vi ikkje no, seier Sandstø.

Lovar ikkje ny spiss

Styreleiar i FK Jerv, Per Gunnar Topland, vil ikkje love trenaren handel til sommaren.

– Eg lovar ingenting. Det har vi ikkje diskutert. Det må vi ta på kammerset, seier han.

– Har de økonomi til å hente ein ny spiss?

– Vi er ein liten klubb og lever med små ressursar. Vi har ein spelarstall vi har tru på og trur framleis det er godt nok. Det er ei stund til vindauget opnar, så kva som skjer då er for tidleg å seie, seier Topland.

Jervs Christopher MacConnacher etter tapet for Start.

Sjå intervju med Jervs Christopher MacConnacher etter tapet mot Start.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %