Jerv-spelar: – Vi må gå «all in»

Jerv-spelarane har stor tru på at dei klarer å kapre kvalifiseringsplass til eliteserien med to kampar att å spele.

Jerv mot Nest-Sotra
Foto: Morten Rosenvinge / NRK

– Vi har gode moglegheiter. Vi må gå all inn og satse på at det held. Det vert uansett ei artig avslutning på sesongen, seier backen Henrik Robstad til NRK.

Robstad var ein av målscorarane då Jerv knuste nedrykkstruga Nest-Sotra på heimebane søndag ettermiddag.

– Eg føler ikkje dei var så farlege som vi veit veg kan vere. Dette var veldig herleg og ei god oppleving, seier han.

Henrik Robstad scoret mot Nest-Sotra

Sjå intervju med Jerv-spelar Henrik Robstad.

Kjempar mot Hødd og Ranheim

Alexander Lind noterte seg for si ellevte scoring då han la på til 2–0 på Levermyr søndag.

– Det var sinnssjukt herleg. Eg kan nesten ikkje hugse sist eg putta. Det hjelper veldig for ein spiss å komme på scoringslista igjen. Det hjelper på sjølvtilliten, seier Lind.

Det kan komme godt med når Jerv skal spele dei to siste kampane i årets 1. divisjon. Laget ligg på den siste kvalifiseringsplassen og kjempar med Ranheim og Hødd om dei to siste kvalifiseringsplassane.

I dei to siste serierundane møter Jerv Bærum (borte) og Follo (heime) som begge kjempar med nebb og klør for å berge plassen i den nest øvste divisjonen.

Steinar Pedersen oppsummerer kampen mot Nest-Sotra

Sjå intervju med Jerv-trenar Steinar Pedersen etter kampen mot Nest-Sotra.

– Gutane er sugne på å oppnå noko

– Vi reiser til Bærum for å vinne. Vi tenker å angripe kampen på same måte som vi har gjort til no. Vi er i bra form og gutane er sugne og har lyst til å oppnå noko, seier Jerv-trenar Steinar Pedersen.

– Må de vinne begge dei siste kampane for å klare kvalik?

– Vi får sjå. Det kjem an på korleis det går med dei andre. Vi går for siger i neste kamp og veit at det er jamt. Alt er mogleg, seier Pedersen.

Den eine opprykksplassen til eliteserien er klar. Sogndal slo tabelljumbo Hønefoss 5–2 på bortebane søndag og kunne feire opprykk.

Laster innhold, vennligst vent..