Hopp til innhold

Sandstø: – Ulideleg spennande

FK Jerv sjarmerte heile Fotball-Norge då dei tok seg til kvalifisering til eliteserien i fjor. No er dei der igjen.

Bilder med tillatelse fra TV2 Sportskanalen

VIDEO: Se målene da Jerv slo Kongsvinger (Bilder med tillatelse fra TV 2 Sportskanalen.)

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er jo ulideleg spennande når det er vinn eller forsvinn. Men vi klarer å ri det av og det er vi veldig glade for, seier Jerv-trenar Arne Sandstø til NRK.

Siste hinder før dei to avgjerande opprykkskampane mot Stabæk var cupfinalist Kongsvinger.

FK Jerv

Glenn Andersen utlikna for Jerv mot Kongsvinger.

Foto: Tom-Richard Hansen Olsen/NRK

Det var ein superveteran og ein danske som skulle til for å sende raudtrøyene heim til skogs med tap i bagasjen.

Ny Andersen-scoring

Men det var Kongsvinger som først fekk hol på byllen på Levermyr stadion i Grimstad. Etter surr i Jerv-forsvaret fekk Maikel ei tå på ballen og sende gjestene i leiinga 16 minutt ut i kampen.

Jerv hadde ballen mykje, men klarte ikkje å omsette i mål. Før klokka bikka halvtimen.

Kristoffer Tønnesen svinga inn eit innlegg som landa på pannebrasken til Michael Ogungbaro. Nigerianaren heada ballen til Glenn Andersen som enkelt sette inn utlikninga. Dette var 36-åringen si fjerde scoring denne sesongen.

Berre seks minutt seinare kom scoringa som sende Jerv vidare i kvaliken. Danske Tonny Brochmann banka til frå kring 16 meter rett i kassa bak Kongsvinger-keeper Otto Fredrikson.

– Eg var sikker på den kom til å gå langt over, men han hadde nok betre vinkel enn det eg hadde, smiler Sandstø.

Tonny Brochmann scorer mot Kongsvinger
Foto: NRK Sorlandet

Kvalik to år på rad

Luis Pimenta, Kongsvinger mot Jerv

Kongsvinger-trenar Luis Pimenta har ført laget til både cupfinale og kvalifisering til eliteserien denne sesongen. Men no blir det ferie.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Kongsvinger-trenar Luis Pimento forsøkte å gjere grep for å få utlikninga.

Både Simen Stølen og spelande dagleg leiar Espen Nystuen vart kasta i angrep, men Jerv heldt unna, og skal igjen spele kvalifisering til eliteserien.

I fjor vart det tap mot Start over to kampar. I år møter dei altså Stabæk.

Første kamp vert spelt førstkommande onsdag på Levermyr stadion. Returmøtet går på Nadderud stadion neste søndag.

– Stabæk er favorittar og bør vinne. Men vi skal førebu oss godt og ta utfordringa, seier Sandstø.

To kampar mot Stabæk betyr også at Arne Sandstø må utsette ein Thailand-ferie med familien.

– Dei har reist ned allereie, men det blir ferie på meg også. Etter kvart, smiler Sandstø.

Eirik Haugstad, FK Jerv

Jerv-supporterane har hatt mykje å juble for dei siste sesongane. Her feirar dei 2–1 scoringa mot Kongsvinger saman med Eirik Haugstad.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Jerv-trener Arne Sandsto er stolt av spillerne sine etter seieren mot Kongsvinger.

Jerv-trenar Arne Sandstø

KIL-trener Luis Berkemeier Pimenta var ikke fornøyd etter kvalik-tapet mot Jerv i Grimstad.

KIL-trenar Luis Berkemeier Pimenta var ikkje fornøgd etter kvalik-tapet mot Jerv i Grimstad.

Styreleder i Jerv Per Gunnar Topland er svært fornøyd med at det blir kvalik mot et eliteserielag for andre året på rad.

Styreleiar i Jerv, Per Gunnar Topland, er svært fornøgd med at det blir kvalik mot eit eliteserielag for andre året på rad, etter at klubben vant 2–1 mot Kongsvinger.

Jerv-keeper Øyvind Knutsen var strålende fornøyd etter kvalikseieren mot Kongsvinger.

Jerv-keeper Øyvind Knutsen var strålande fornøgd etter kvalik-sigeren mot Kongsvinger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %