NRK Meny
Normal

Jerv med hjelpande hand til Start

FK Jerv sikra tre sterke poeng mot Sandnes Ulf, og hjelpte samstundes Start i opprykkskampen.

David Akintola, FK Jerv

David Akintola scora sitt femte mål for sesongen då Jerv slo Sandnes Ulf. (Arkivfoto)

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

David Akintola sende vertane opp i leiinga etter 54 minutt på Levermyr stadion.

Åtte minutt før slutt stod Erixon Danso for kampens høgdepunkt. Nederlendaren klinka til frå 25 meter, og ballen gjekk rett i krysset.

Scoringane sender Jerv oppover tabellen, slik at dei no har kontakt med kvalifiseringsplass igjen. Laget ligg på 10. plass, fire poeng bak kvalifiseringsplass.

Samstundes gjorde dei Start ei stor teneste då dei tok alle poenga mot rogalendingane. Sandnes Ulf låg fire poeng bak Start før søndagens serierunde.

Dersom Start slår Fredrikstad borte søndag kveld, kan dei sikre ei luke på sju poeng ned til opprykksrivalen.

Laster innhold, vennligst vent..