Hopp til innhold

Jerv leika seg mot Nest-Sotra

Jerv var klart betre enn Nest-Sotra og sikra seg tre særs viktige poeng i kampen om kvalifiseringsplass.

Jerv-scoring

Jerv feirar dagens første scoring mot Nest-Sotra.

Foto: Morten Rosenvinge/NRK

Alexander Lind scorer for Jerv mot Nest-Sotra

Alexander Lind stangar inn 2-0 etter ein corner.

Foto: Morten Rosenvinge/NRK
FK Jerv scorer mot Nest-Sotra

Jerv-spelarane jublar for den tredje scoringa mot Nest-Sotra.

Foto: Morten Rosenvinge/NRK

Det tok berre 14 minutt for Jerv å ta leiinga mot nedrykkstruga Nest-Sotra heime på Levermyr.

Henrik Robstad scora sitt tredje mål for sesongen då han sende gultrøyene i leiinga. Jerv hadde fleire sjansar til å auke leiinga, men gjekk til pause eitt mål føre gjestene frå Hordaland.

Ligg på kvalik

I andre omgang heldt heimelaget oppe trøkket. Kvarteret ut i omgangen fekk laget løn for strevet då Alexander Lind scora sitt ellevte mål for sesongen.

12 minutt før slutt fastsette Dennis Antwi sluttresultatet til 3-0.

Dermed ligg Jerv framleis på kvalifiseringsplass med tre serierunder att.

Tett i toppen

Men det blir truleg kamp heilt inn om dei fire kvalifiseringsplassane. Hødd ligg berre to poeng bak Jerv med ein kamp mindre spelt.

Samstundes har Jerv berre eitt poeng opp til Sandnes Ulf som ligg på 4. plass.

Nest-Sotra er eitt steg nærare 2. divisjon etter søndagens tap i Grimstad.

Laster innhold, vennligst vent..
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %