Hopp til innhold

Jerv-kaptein: – Grasmatta er ein skam

FK Jerv har allereie vist at dei held godt 1. divisjonsnivå. Men grasmatta på Levermyr stadion held ikkje mål, meiner kapteinen og trenaren.

Grasbana på Levermyr

Grasmatta på Levermyr stadion er både hard og ujamn og får strykkarakter i Jerv-leiren.

Foto: Sander Heggheim/NRK

I første omgang mot Hønefoss laurdag kom Alexander Lind aleine med keeper. Akkurat i det Lind fyrte av, spratt ballen på den ujamne bana og skotet gjekk langt utanfor.

– Vi har jo trent mykje på denne bana, så eg burde vel eigentleg vere klar over det. Det er ikkje den beste bana eg har spelt på, seier Lind til NRK.

Lagkamerat Glenn Andersen brukar langt hardare skyts når han snakkar om grasmatta.

– Om det er utfordrande å spele? Bana er forbanna dårleg. Enkelt og greit, tordnar Jerv-kapteinen.

– Dei har ikkje gjort noko anna enn å klippe bana sidan vinteren. Kommunen har laga eit fint anlegg ja, men dei burde kanskje ha sett noko på grasbana også, seier Andersen til NRK.

Aleksander Lind setter ballen utenfor i kamp mot Hønefoss

Alle trudde at Alexander Lind skulle sende Jerv i leiinga mot Hønefoss i første omgang. Men akkurat i det han skulle til å skyte spratt ballen på den ujamne bana.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Ballen humpar og sprett

Han viser til at både Amazon Grimstad og Jerv trenar og spelar kampane sine på den same bana. Begge laga trenar på bana kvar dag.

– Eg meiner det er skammeleg at vi får lag ned her og spelar på ei bane som dette, seier han.

Andersen får støtte av Jerv-trenar Steinar Pedersen.

– Det har blitt gjort alt for lite med bana, seier trenaren.

I juni skal kommunen lufte bana. Det skal gjere den jamnare og mjukare.

– Eg håpar dei gjer ein skikkeleg jobb og at dei får bana til å framstå som den gjorde store deler av fjoråret. Ballen humpar og sprett. Eg håpar vi kan begrense totalbruken litt, slik at vi kan få den fin så raskt som råd, seier Pedersen.

Steinar Pedersen

Jerv-trenar Steinar Pedersen er einig i at grasmatta ikkje er god nok på Levermyr stadion.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Lovar betring

Ei ny sittetribune med 800 plassar stod klar til seriestart, men sjølve speleflata har det blitt gjort lite med. Bygartnar Over Bach vedgår at bana ikkje er i god nok stand.

– Vi har fått gjort lite på grunn av sein vår. Men i juni skal bana luftast når det vert ein liten spelepause for Amazon og Jerv. Det vil hjelpe, seier han til NRK.

– Det er også litt problem med drenering. Men vi gjer så godt vi kan. Det er berre slik det er no, seier han.

Jerv slo Hønefoss 2-1 på fotballens nasjondaldag. Klubben har kun tapt ein av dei ni første kampane i 1. divisjon.

Laget ligg på 8. plass på tabellen med 12 poeng.

Levermyr stadion

Ei ny tribune stod klar til sesongstart, men grasmatta står ikkje i stil med verken den nye tribuna eller Jerv sine prestasjonar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %