Hopp til innhold

Jaktar orgelrekord: – Det er ganske tøft

Organist Nina Irslinger er på god veg til å ta verdsrekorden i orgelspel. Men mange timar bak orgelet tek på.

Organist Nina Irslinger er på god veg til å ta verdsrekorden i orgelspel. Men mange timar bak orgelet tek på.

VIDEO: Sjå video frå Trefoldighetskirken i Arendal der Nina Irslinger prøvar å setje rekord.

– Eg skal gje alt, men innimellom er det ganske tøft, seier ho til NRK.

Vi får snakke med ho i ein pause på fem minutt. I løpet av desse minutta har ho moglegheit til å gå på do og få i seg mat.

– Eg er litt skjelven og redd for at eg ikkje skal klare det, men eg skal halde fram, seier Irslinger.

Mål: 60 timar bak orgelet

Måndag fyller ho 60 år. Difor er målet å spele orgel samanhengande i 60 timar og hamne i Guiness rekordbok.

Dei første tonane i Trefoldighetskirken i Arendal kom laurdag morgon klokka ni.

Målet er å halde det gåande til klokka 22 måndag kveld. 59-åringen har lov til å ta fem minutt pause kvar time. I natt hadde ho spart opp 35 minutt, som gjorde at ho fekk litt søvn.

– Det er heilt fantastisk. Det er ei stor oppleving med så mykje flott musikk. Nina gjer ein fantastisk innsats, seier sokneprest i Arendal Åsta Ledaal.

Ho har fått med seg det meste til no. Under gudstenesta i kyrkja søndag føremiddag kunne dei frammøtte nyte orgelmusikk.

– Vi har aldri hatt musikk under preika tidlegare. Det var utruleg spennande, seier ho.

Evje menighetskor

Evje menighetskor var med på rekordforsøket.

Foto: Odd Rømteland/NRK

Sette rekord i 2009

Med seg på laget har Irslinger songarar og kor frå heile Sørlandet. Det er ikkje berre salmar som fyller kyrkja. Alt frå pop, rock og folkeviser.

– Det er heilt utruleg flott. Det er slik eg vil at det skal vere. Det skal vere høgt under taket i kyrkja. Det er plass til alle menneske og alle kunstartar, seier Ledaal.

Irslinger hamna i Guiness rekordbok i 2009 då ho spelte samanhengande i 36 timar. Den rekorden er no slått og målet er altså å ta den tilbake.

– Eg håpar den vert ståande veldig lenge, men ein veit aldri, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %