Kraftverket vil få ein årleg produksjon på 4,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til 230 husstandar.
I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Tjaldalsåni kraftverk vil vere eit bidrag til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.
NVE meiner at vassvegen må gå i tunnel i øvste del og at resten av vassvegen skal gravast ned av omsyn til terrenget.
Det må avklarast om anleggsverksemd vil verke forstyrrande for raudlista rovfugl, og i så fall må perioden avgrensast av omsyn til dette.
Det er fastsett ei årleg minstevassføring på 70 l/s av omsyn til vassdragstilknytt fugl og vasslevande organismar.