Isskulpturane som har pryda Hovden sentrum kvar einaste vinter dei siste åra, kan bli permanente utstillingar.
Ei arbeidsgruppe vil nemleg at Bykle kommune skal byggje fryserom som kan sikre skulpturane året rundt, skriv Setesdølen i dag.
Dei siste åra har sørlandske kunstnarar velvillig stilt opp på Hovden så snart kuldegradene har vore stabile ved juletider. Frå høgtideleg opning ved årsskiftet, gjerne med ordføraren som snorklyppar, har is- og snøskulpturane vore eit spennande og flott innslag i sentrumsmiljøet på Hovden vinteren igjennom.
På vårparten har likevel smeltinga og plussgradene innhenta kunsten også på Hovden, men kanskje ikkje no lenger.
Første byggetrinnet i oppgraderinga av Hovden sentrum med eit amfi og ei ny utsiktsbru skal settast i gang alt no i vår og er kalkulert til rundt 20 mill. kroner, ifølge Setesdølen.