– Vi var litt usikre på om vi fekk lov, sidan vi har møtt motstand tidlegare i historia vår. Då vi fekk ja, vart vi veldig positivt overraska, seier leiar i organisasjonen, Stig Andersen.
Stopp islamiseringen av Norge (SIAN) har møtt stengde dører i fleire samanhengar.
Dei fekk blant anna nei til å halde eit opplysningsmøte på Kristiansand folkebibliotek i 2014. Kommunen grunngav avslaget med at SIAN bryt med kommunen sine verdiar.
Saka vart klaga til Sivilombodsmannen, som slo fast at kommunen ikkje kunne nekte organisasjonen å leige lokala. Likevel valde SIAN å seie nei, fordi dei meinte biblioteket sette vilkår dei ikkje kunne akseptere.
– Har ei rekkje ting imot SIAN
Deltaking på Arendalsuka var uproblematisk. Organisasjonen fekk ja, og skal stå på stand i Arendals gater til sommaren.
– Etter våre opplysningar er ikkje SIAN ein ulovleg organisasjon i Norge. Hovudelementet til Arendalsuka er at den er for demokratiet, og vi set ytringsfridom veldig høgt, og held oss til lover og reglar som er i Norge, seier leiar av rådet i Arendalsuka, Robert Cornels Nordli.
– Kva meiner du personleg om at dei skal stå på stand?
– Personleg skulle eg sett at dei ikkje melde seg på. Personleg har eg ei rekkje ting imot SIAN. Måten dei opptrer på og heile si sak, seier Nordli.
Ventar reaksjonar
Leiaren i SIAN meiner mange misforstår kva dei eigentleg står for. Difor meiner han det er viktig å delta i Arendalsuka. Dei vil også sjølv ta initiativ til debattar under arrangementet.
Samstundes er leiaren førebudd på at ein SIAN-stand kan skape reaksjonar.
– Kvar gang vi set opp stands eller held foredrag, så planlegg vi korleis vi skal få det til med minst mogleg støy og materielle skader. Vi har lagt opp scenario med tanke på korleis vi skal behalde teltet vi skal sette opp, utan at nokon øydelegg det. Men det er vanskeleg å vite kor mykje problem det blir, seier Andersen.
– Tidlegare år har vi hatt organisasjonar som har skapt kritikk på kvifor vi har tillate dei å stå på stands. At det blir annleis i år knytt til det, vil eg ikkje tru, seier Nordli.