Hopp til innhold

Intern maktkamp kan vere årsaka til at direktøren sa opp

Situasjonen tilspissar seg før årsmøtet i IK Start måndag. Fleire dreg fram kulturen i Start som eit stort problem.

Start-Jerv

Det er harde tak i Start før årsmøtet i klubben. Administrerende direktør Even Øgrey Brandsdal sa opp jobben fredag.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Kulturen i Start har vore at dei som vann seriemeisterskap og dreiv klubben på 70-talet dreg linjene i forhold til kva som skal skje. Alle veit at det er frykteleg lenge sidan 70-talet. Ting har utvikla seg ekstremt, seier tidlegare Start-trenar Arne Sandstø til NRK.

Sandstø

Arne Sandstø har tidlegare vore trenar i Start. No trenar han Jerv i nabobyen Grimstad.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Sandstø fekk sparken i klubben etter opprykket til eliteserien i 2008, og kjenner klubben godt frå innsida.

Sandstø meiner Seniorrådet i klubben var ein stor pådrivar for å fjerne han frå trenarjobben. Det kjenner ikkje dåværande direktør Jan Oddvar Skisland seg att i.

– Eg opplevde ikkje at Seniorrådet blanda seg inn i korleis toppidretten vart driven. Det var styret som tok den avgjerda, seier Skisland.

– Går utover alle proporsjonar

Måndag klokka 18 skal Start halde årsmøte. Eit årsmøte som truleg vil ha litt høgre temperatur enn vanleg.

Administerande direktør Even Øgrey Brandsdal sa opp jobben fredag, berre tre dagar før årsmøtet. NRK veit at Seniorrådet i klubben er ei av årsakene til oppsigelsen.

Så langt har ikkje Brandsdal sjølv ville stadfeste dette, og henviser til styreleiar Geir Tønnesland, som heller ikkje vil seie noko om årsaka.

Seniorrådet består av tidlegare spelarar, styreleiarar, styremedlemmer og æresmedlemmer. På 70-talet, då fleire av desse var aktive anten som spelarar eller i styreverv, hadde klubben ein uttakskomité. Komiteén avgjorde kven som skulle spele, og trenaren måtte innrette seg etter det. Noko som ville vere utenkeleg i dag.

Før årsmøtet har rådet føreslått å opprette ei gruppe, som styret kan rådføre seg med før dei tek viktige avgjerder. I denne gruppa skal det sitte like mange representantar frå Seniorrådet og styret.

– I mine auge er det eit tydeleg teikn på at dei ikkje har tillit til klubbens øvste leiar, skriv Fædrelandsvennen sin sportsleiar Pål W. Jørgensen i ein kommentar.

– Dette går ut over alle proporsjonar. Det blir vinkla til at denne gruppa er eit teikn på at vi vil ha makt. Det er så langt frå sanninga ein kan komme. Viss klubben har behov for å spørje seniorrådet om råd, kan dei komme. Viss ikkje kan dei la vere. Det er ikkje meir enn det, seier ordførar i Seniorrådet, Borgar Haugland.

«Sterke krefter»

Vest-Agder Idrettskrets meiner at ei slik gruppe, i tillegg til styret, er uheldig for klubben.

– Vi ventar at eit kvart idrettslag har eit styre i henhold til idrettens bestemmelsar. Ting utover det er uheldig for eit lag si drift. Dette har med å gje styret tillit og rammer for å gjere jobben sin, seier organisasjonssjef i Vest-Agder Idrettskrets, Terje Larsen.

NRK har snakka med fleire med god kjennskap til interne forhold i klubben gjennom mange år.

I samtalane dukkar begrep som «sterke krefter» og «syvende far i huset» opp. Dei peikar på Seniorrådet. I tillegg meiner fleire at Seniorrådet er «flinke til å kun sjå det negative».

– Dersom det er noko av dette som gjer at Brandsdal tek hatten sin og går, står det veldig respekt av det, seier Arne Sandstø, som no er trenar i FK Jerv.

– Faglege og saklege diskusjonar må ein tåle. Om dette er hovudgrunnen til at Brandsdal sluttar, så vert eg veldig overraska over det. Eg kjenner meg ikkje att i dette i det heile, seier Haugland.

Avtroppande administrerande direktør i Start, Even Øgrey Brandsdal, seier det er trist å forlate klubben, men at valet til slutt var enkelt.

Sjå intervju med Einar Øgrey Brandsdal.

Avdelingskonflikt

I tillegg skal det ha blussa opp ein konflikt med underavdelingane i IK Start. Ifølgje Fædrelandsvennen har Øgrey Brandsdal ynskt å samle all økonomi i administrasjonen i Start. Det inneber både junioravdelinga, handballklubben og seniorklubben.

Men i forslag til vedtak i årsmøtet, skriv underavdelingane at dei sjølv vil ha full råderett over inntekter og utgifter.

Samstundes har underavdelingane tre representantar i styret i IK Start. På denne måten har dei innflytelse på alt som skjer rundt A-laget. Dette skal også vere ein av grunnane til at Brandsdal har valgt å seie opp.

– Eg vil ikkje kommentere dette før årsmøtet. Men eg tykkjer det er trist at Brandsdal sluttar. Han har gjort ein god jobb for klubben, seier leiar for junioravdelinga Kjetil Kristiansen.

– Kuppe årsmøtet

NRK har også vore i kontakt med Rune Jakobsen. Han har lang fartstid i Start både i administrasjon og styre.

Rune Jakobsen, FK Jerv

Dagleg leiar i Jerv Rune Jakobsen har sjølv ei lang fortid i Start, men vil ikkje kommentere saka.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Men han vil ikkje kommentere saka.

– Eg vil ikkje spekulere og har ikkje teke meg tid til å sette meg inn i kva dette dreier seg om. Men eg tykkjer det er veldig synd at ein leiar, som byrjar å bli erfaren, gir seg når han er på sitt flinkaste, seier Jakobsen om Brandsdal sin oppsigelse.

Tidlegare Start-trenar Arne Sandstø oppfordrar no medlemmene i IK Start til å møte opp på årsmøtet.

– Alle som verkeleg er glade i Start bør stå saman og kuppe årsmøtet. Ein bør melde seg inn, og stemme for Start sitt beste. Det er mi anbefaling. Ein må stille seg spørsmåla: kva er det IK Start treng, og kva gjer Start betre. Så må ein byrje derifrå, seier Sandstø.

Håpar på sakleg debatt

Tidlegare Start-spelar Jesper Mathisen ventar eit årsmøte med høg temperatur.

– Start har store utfordringar rundt desse tinga. Skal Start bli ein toppklubb igjen, må alle gode krefter i og rundt klubben dra i same retning, seier Mathisen.

– Det er mange som er engasjert i dette. Eg håpar vi får ein sakleg og god debatt. Men dersom det er mykje misforståingar og folk uttaler seg på sviktande grunnlag, så kan dette gå alle vegar, seier Haugland i Seniorrådet.

Styreleiar i IK Start, Geir Tønnesland, ventar godt oppmøte på årsmøtet måndag. Då vil han også gjere greie for Brandsdal sin oppsigelse.

– Det er ikkje unaturleg at det blir spekulasjonar i ei slik sak. Det må vi leve med. Men eg gler meg til å gje ei grundig og god utgreiing. Så håpar eg vi får eit meir nyansert bilete av saka, seier Tønnesland.

NRK har vore i kontakt med Even Øgrey Brandsdal søndag. Han står fast ved at han ikkje vil kommentere årsaka til at han har sagt opp jobben.

Årsmøtet startar klokka 18 på Sør Arena måndag kveld.

Mathisen

Jesper Mathisen saman med Even Øgrey Brandsdal i samband med kvalifiseringskampen mot Jerv på Sør Arena i 2015.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %