Innstiller ei rekkje togavgangar

Togselskapet Go-Ahead innstiller 26 avgangar på Sørlandsbana og Arendalsbana som følgje av koronaviruset.

Sørtoget på Kristiansand stasjon

Ei rekkje togavgangar på Sørlandsbana og Arendalsbana vert innstilt.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Denne artikkelen er over to dager gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

  • Sjå oversikt over avgangane som vert råka nedst i artikkelen

– Vi håpar på forståing frå kundane for at innstillingane vi er nøydde til å føreta kjem på grunn av ein heilt ekstraordinær nasjonal og internasjonal situasjon. Vi ynskjer å ta vårt ansvar i den nasjonale dugnaden, seier administrerende direktør i Go-Ahead Noreg Cathrine Elgin i ei pressemelding.

Selskapet har allereie innstilt to avgangar. Men frå i natt vert ytterlegare 26 avgangar på Sørlandsbanen innstilt.

Vil hindre smittespreiing

Det inneber at seks avgangar på kvardagar, seks avgangar laurdagar og sju avgangar søndagar vert innstilt.

Sleskapet opplever også ein markant nedgang i talet på reisande. Dei viser også til auke i sjukefråveret.

I tillegg er togpersonell i karantene på grunn av koronaviruset.

– Vi ynskjer å bidra til å forhindre smittespreiing blant både passasjerar og tilsette, samstundes som vi ser oss nøydde til å gjennomføre tiltak som sikrar at vi kan halde oppe togtilbodet framover, seier direktøren.

Cathrine Elgin

Administrerande direktør i Go-Ahead, Cathrine Elgin, håpar kundane forstår kvifor mange avgangar er innstilt på Sørlandsbana og Arendalsbana.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Ombooking eller refusjon

Togselskapet opplyser også at det kan komme fleire innstillingar på Jærbanen etterkvart.

Go-Ahead opplyer at kundar som har førehandsreservert billettar til avgangane som er råka, og som har oppgitt kontaktinformasjon, vil bli kontakta.

Dei vil få tilbod om ombooking eller refusjon.

– Vi ber om forståing for at det er særs stor pågang på kundesenteret og at det difor kan vere lengre ventetid, seier Elgin.

Go-Ahead har førebels ikkje vurdert premittering av tilsette.

– Vi har ein god dialog med våre tilsette og har ikkje vurdert dette så langt, seier Elgin.

Desse avgangane vert innstilt på Sørlandsbana:

Kvardagar:

  • Kl. 04:45 Kristiansand – Oslo
  • Kl. 18:25 Oslo – Kristiansand
  • Kl. 05:02 Kristiansand – Stavanger
  • Kl.17:48 Stavanger – Kristiansand
  • Kl 07:25 Oslo – Stavanger
  • Kl. 12:48 Stavanger – Oslo

Laurdagar:

  • Kl. 06:47 Stavanger – Oslo
  • Kl. 07:25 Oslo – Stavanger
  • Kl. 07:54 Kristiansand - Oslo
  • Kl. 09:06 Kristiansand – Stavanger
  • Kl. 16:25 Oslo – Kristiansand
  • Kl 15.33 Stavanger – Kristiansand

Søndagar:

  • Kl. 06:47 Stavanger – Oslo
  • Kl. 07:25 Oslo – Stavanger
  • Kl. 09:06 Kristiansand – Stavanger
  • Kl. 08:47 Stavanger – Oslo
  • Kl. 14.08 Kristiansand – Stavanger
  • Kl. 17.48 Stavanger – Kristiansand
  • Kl. 18:25 Oslo - Kristiansand

Desse avgangane vert innstilt på Arendalsbana:

  • Kl. 05:03 Arendal – Nelaug
  • Kl. 07:00 Nelaug – Arendal
  • Kl. 14.08 Arendal – Nelaug
  • Kl. 15:05 Nelaug – Arendal
  • Kl. 16:15 Arendal – Nelaug (erstattast kvar dag med avgang kl. 17.20)
  • Kl. 21:23 Arendal – Nelaug
  • Kl. 22.18 Nelaug - Arendal

Alle andre avgangar på Arendalsbana går som normalt på kvardagane. Laurdagar og søndagar vil lokaltoga korrespondere med Sørtoga som går, opplyser Go-Ahead.

Desse rutene går som normalt på Sørlandsbana:

Kvardagar:

  • Kl .04:19 Oslo – Stavanger
  • Kl. 09:25 Oslo – Stavanger
  • Kl.14:25 Oslo – Stavanger
  • Kl.16:25 Oslo – Stavanger
  • Kl. 22.25 Oslo – Stavanger
  • Kl. 04:30 Stavanger – Oslo
  • Kl. 06:47 Stavanger – Oslo
  • Kl. 08:47 Stavanger – Oslo
  • Kl. 15.33 Stavanger – Oslo
  • Kl. 22.17 Stavanger – Oslo

Laurdagar:

  • Kl. 14:25 Oslo – Stavanger
  • Kl. 08:47 Stavanger - Oslo

Søndagar:

  • Kl. 14:25 Oslo – Stavanger
  • Kl. 16:25 Oslo – Stavanger
  • Kl. 12.48 Stavanger – Oslo
  • Kl. 15.33 Stavanger - Oslo
  • Kl. 22.25 Oslo – Stavanger
  • Kl. 22.17 Stavanger - Oslo