Hopp til innhold

Inngjekk sluttavtale med rådmannen i lukka møte

Rådmannen i Tvedestrand har fått permisjon frå jobben med full løn fram til neste sommar. Det har kommunestyret vedteke.

Jan Dukene

Ordførar i Tvedestrand, Jan Dukene, under kveldens møte.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Vi har kome fram til eit vedtak som er i samsvar til avtalen som er inngått. Vedtaket går ut på eit økonomisk oppgjer for Frydenberg.

Det seier ordførar i Tvedestrand, Jan Dukene.

I avtalen mellom Tvedestrand kommune og Pål Frydenberg kjem det fram at partane er einige om at Frydenberg blir gitt permisjon frå si stilling frå og med 1. mai til 1. august 2017.

Politikarar i Tvedestrand var i kveld samla til eit lukka møte for å vedta ein sluttavtale for rådmann Pål Frydenberg.

– No er dette eit avslutta kapittel. No ser vi framover, og då er det sjølvsagt rekruttering av ny rådmann som står først på agendaen, fortel Dukene.

Bakgrunnen er at det i februar vart klart at politikarane ikkje har tillit til rådmannen og hans saksframstillingar.

Ifølgje Tvedestrandsposten anslår ordførar Jan Dukene at kommunen sine utgifter i forbindelse med avtalen å vere rundt to millionar kroner.

Rådmann i Tvedestrand På Frydenberg

Pål Frydenberg har vore rådmann i Tvedestrand sidan 2012.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Kan starte ny rekruttering

Prosessen starta då ordføraren spurte om formannskapet hadde tillit til rådmannens arbeid.

Frydenberg har hatt stillinga sidan 2012.

Kommunen kan starte rekruttering av ny rådmann så snart kommunen finn det hensiktsmessig.

Den tidlegare rådmannen blir gitt rett til å ta arbeid ein annan stad i permisjonstida utan innverknad på lønn frå kommunen.

Det kjem fram i avtalen at Tvedestrand kommune dekker advokatutgiftene til Frydenberg med inntil 50 000 kr.

Konstituert rådmann vart sjukemeldt

Frydenberg har vore sjukemeldt sidan byrjinga av februar.

Lenge har det vore spekulert i om at han ikkje vil kome tilbake, og i kveld blei dette altså bekrefta.

Øyvind Johannesen vart konstituert rådmann etter Frydenberg, men han vart også sjukemeldt etter ei periode.

Difor har Tvedestrand no fått sin første kvinneleg rådmann, etter at Tone Vestøl Bråten har gått inn som konstituert rådmann, som nummer to i rekka på kort tid.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %