Hopp til innhold

Ny kommune innfører truleg tiggeforbod

Bystyret i Lillesand innfører truleg tiggeforbod onsdag kveld.

Tigging

Det vert truleg innført tiggeforbod i Lillesand.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Etter det interne gruppemøtet i Høgre måndag kveld er det klart at partiet er splitta, men fleirtalet vil innføre forbodet.

– Saman med Frp og Pensjonistpartiet ligg det no an til eit knappast mogleg fleirtal for forbod, seier gruppeleiar Einar Holmer-Hoven (H) til NRK.

Ordførar i tvil

Einar Holmer-Hoven

Einar Holmer-Hoven (H).

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Høgre diskuterte også å utsette avgjerda til februar.

– Men vi tykkjer det er riktig å ta ei avgjerd no, seier Holmer-Hoven.

I november sa Høgre-ordførar Arne Thomassen at han var i tvil om det er klokt å innføre tiggeforbod i kommunen.

Bakgrunnen var reaksjonane Arendal kommune fekk etter at dei innførte forbod mot tigging, som første kommune i landet.

I Arendal skal tiggarar verte bøtelagde i framtida.

– Eg har jo følgt med i debatten i Arendal no og ser korleis Arendal mange gonger vert latterleggjort og vist til at det er ein kald kommune, sa ordføraren.

Skapte reaksjonar

Tiggeforbodet i Arendal gjorde at organisasjonen Folk er Folk sette i gang aksjonar for å teste om politiet ville gje bøter. Så langt har ikkje politiet gjort det.

– Av hensyn til kapasiteten operativt så vil vi ikkje bøtelegge nokon dersom det no kjem ei stor gruppe som vil aksjonere. Desse vil få ei åtvaring på staden, skreiv politimeister Kirsten Lindeberg i ei pressemelding på politiets eiga heimeside i november.

Samstundes er det klart at tiggarar i Arendal vil få 2000 kroner i bot.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %