– Eg meiner dette blir gjere konkurransane meir rettferdige. Smurning med fluor kostar mykje pengar, seier leiar i Agder og Rogaland skikrins Pål Angell Berg til NRK.
I oktober vedtok Langrennskomiteen i Skiforbundet eit slikt forbod.
Men dette er ikkje sett i verk, fordi det i dag ikkje finst sikre kontrollmetodar for å avsløre fluorbruk.
Legg ansvaret på arrangørane
Likevel vel altså Agder og Rogaland å innføre forbodet no. Det gjeld både langrenn, alpint og hopp.
– Vi har teke Skiforbundet sitt vedtak på ordet og ynskjer å sette dette ut i vår krins. Vi meiner det er viktig både med omsyn til helse, økonomi og miljø, seier han.
– Korleis skal de kontrollere dette?
– Vi meiner vi må legge eit ansvar på arrangørar om å opplyse om at det er eit fluorfritt arrangement. Så håpar vi foreldre og trenarar tek dette på ordet og unngår fluor. Så må vi sjå kva som kjem av kontrollapparat etter kvart, seier han.
Det finst måleapparat for å avdekke fluor, men desse kostar over 100 000 kroner.
Helseskadeleg og dyrt
Bruk av skismurning med fluor har blitt kritisert både for kostnad og miljø.
I mars fortalde NRK om utøvarar som meiner at det er umogleg å hevde seg i nasjonale renn utan bruk av fluor.
Undersøkingar som vart gjort i Holmenkollen i 2015 viste at meitemark var fulle av fluor.
I tillegg viser forsking at fluor kan vere særs helseskadeleg for smørjarane.
Bra og tja frå smørjesjefen
Summen av dette gjer at smørjesjefen på det norske landslaget, Knut Nystad, blir glad då ha høyrer om fluor-nekten.
– For helsebiten er dette veldig bra. Det skal vere sunt, trygt og godt å drive idrett. Det er veldig tøft og spenstig av denne krinsen. Men eg håpar også andre kan dra nytte av erfaringane dei får. Det er imponerande at denne skikrinsen tek helsa på alvor, seier han.
– Økonomisk er det ikkje nødvendigvis rette vegen å gå. For det kjem stadig nye produkt utan fluor som er like dyre, seier smørjesjefen.
Han meiner barn, ungdom, foreldre og trenarar bør fokusere mindre på smørjing, og meir på trening.
– Dei bør konsentrere seg meir om å trene og jobbe med teknikken. Det er viktig å ha fokus på dei viktige tinga i ung alder. Så kan ein ta i bruk dyrare smørjing etter kvart som ein blir eldre, seier han.