NRK Meny
Normal

Ikkje godkjent som fritidsbustader

Miljøverndepartementet tillet ikkje ny utbyggjing i strandsona på Flekkerøya i Kristiansand. Departementet ber no kommunen om å rydde opp i ulovleg byggjing for sjøboder bygd etter 1995.

Flekkerøy

SEIER NEI: Miljø- og utviklingsminister vil ikkje tillate nybyggjing i strandsona på Flekkerøya. (Arkivfoto)

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Erik Solheim

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

– Denne saka handlar om å sikre folk adgang til strand og sjø på ein best mogleg måte, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim i ei pressemelding.

– I strandsona på Flekkerøya har det utvikla seg ein praksis der sjøboder er innreia og vert brukt som fritidsbustader. Kommunen har lete folk ta seg til rette på ein uheldig måte. Eg reknar med at vi no har funne ei akseptabel løysing, seier Solheim.

Bygde i god tru

Dei aller fleste bygningane i strandkanten på Flekkerøy er kun godkjent som bygningar til sjøretta verksemd, men vert brukt som hytter. Frå 1995 til 2000 vart det ikkje sagt noko frå kommunen om kva ei sjøbod skulle innhalde, og mange bygde i god tru.

– Det er i dag fleire hundre sjøboder på Flekkerøya, og desse opptek allereie ein stor del av strandsona. For å ta vare på landskap, friluftsliv og ferdsel må vi unngå at endå meir av strandsona vert bygt ned, seie Solheim.

I pressemeldinga heiter står det at Kristiansand kommune skal undersøkje kvar enkelt sjøbod for å sjå om dei vert brukt i strid med løyvet.

Video Strid om sjøboder

VIDEO: Sjøbodeigarane på Flekkerøya har lenge venta på svar frå regjeringa om kva som skal skje med eigedommane deira. (Arkiv)

Kan pålegge fjerning

Dersom eigarar har fått godkjent byggjing av sjøbod, og byggjesøknaden viser ein bygning utan rominndeling og kjøkkeninnredning, vil kommunen kunne pålegge eigaren å fjerne innredninga.

Kommunen kan også velje å gi dispensasjon.

– Det er viktig at kommunen behandlar alle samanliknbare enkeltsaker på ein rettferdig måte, skriv miljøverndepartementet i pressemeldinga.

Departementet vil ikkje godkjenne at Kristiansand kommune kan regulere eksisterande sjøbøder til fritidsbustader.

– Eg er oppteken av at allmennheten vert sikrar best mogleg tilgang til strandsona. Ei sjøbod privatiserer omgjevnadene i mindre grad enn ein fritidsbustad og gjer det mogleg med vanleg ferdsel så lenge det ikkje er til plage for eigaren, seier Solheim.

Skilje mellom eldre og yngre

Tom Egerhei

Tom Egerhei

Foto: Anne Torhild Nilsen / NRK

Miljøverndepartementet skiljer samstundes mellom eldre og nyare sjøboder.

– Det skiljet går på 1995, som var tidspunktet då Flekkerøyplanen vart vedteken. Det departementet legg opp til er at ein ynskjer å opne for noko større bruk av eldre sjøboder, som eit ledd mot å sikre desse mot forfall, seier assisterande fylkesmann, Tom Egerhei til NRK.no.

– Det står att å sjå kva dette inneber i praksis, seier han.

– Hovudinnhaldet er at det ikkje vert opna for å gjere om sjøboder til fritidsbygg, seier han.