Hopp til innhold

Ibiza Boats får skryt for satsing i Norge

Den sørlandske båtprodusenten Ibiza Boats får skryt av konkurrentar for å tore å satse i Norge.

Den sørlandske båtprodusenten Ibiza Boats får skryt av konkurrentar for å tore å satse i Norge.

VIDEO: Sjå reportasje frå båtmessa på Aker Brygge i Oslo.

Espen Aalerud

Eigar av båtprodusenten Marex i Grimstad, Espen Aalrud på båtmessa i Oslo.

Foto: Odd Rømteland/NRK
Erlend Prytz

Administrerande direktør i bransjeorganisasjonen Norboat, Erlend Prytz.

Foto: Odd Rømteland/NRK

Torsdag lanserte båtprodusenten to nye modellar på båtmessa «Båter i sjøen» på Aker Brygge i Oslo.

Dei to modellane skal byggast i Froland.

– Eg er full av begeistring. Dette er morosamt å sjå. Det er morosamt at dei kjem med eit slikt løft, seier eigar av båtprodusenten Marex i Grimstad, Espen Aalrud til NRK.

Går mot straumen

– Eg tykkjer båten var fin og spenstig. At dei torer å satse såpass i Norge, slik som marknaden har vore, er drittøft, seier teknisk sjef i Viknes Båt og Service, Jan Inge Sivertsen.

Mange av norske båtprodusentane har flagga ut av landet. Årsaka er at det er dyrt å produsere båtane her, samanlikna med i utlandet.

Mange har flytta produksjonen til Polen, Litauen, Sverige og fleire andre land.

– Det er ein naturleg reaksjon på kostnadsnivået vi har i Norge, seier administrerande direktør i bransjeorganisasjonen Norboat, Erlend Prytz.

– Eg tykkjer det er veldig gøy at nokon klarer å halde seg fast i Norge, seier han.

– Fantastisk mottaking

Ibiza Boats har allereie selt 100 av dei nye båtane. Berre 15 minutt etter at messa opna på Aker Brygge fekk båtprodusenten truleg napp.

– Eg likar heile konseptet med enklare løysingar og ein breiare båt. Eg reknar med at eg kjem til å kjøpe, seier Jan Christensen, som er på båtjakt.

Designar i Ibiza Boats Helge Duus tykkjer det er moro med skryt frå konkurrerande båtprodusentar.

– Mottakinga har vore fantastisk både av kollegaer og forhandlarar. Så langt er alt vel, smiler Duus.

Båtmessa i Oslo held fram til og med søndag.

Ibiza båt

Ein av dei nye modellane på Aker Brygge i Oslo.

Foto: Odd Rømteland / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %