NRK Meny
Normal

I kveld får han gutedraumen oppfylt

Lars-Jørgen Salvesen (19) er i startoppstillinga når Start tek imot Sarpsborg 08. Det er første gang han startar ein heimekamp i gult og svart.

Lars-Jørgen Salvesen

Lars-Jørgen Salvesen startar kampen mot Sarpsborg 08 på heimebane.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det kjem til å bli veldig gøy, men og litt spesielt. Det er der eg har gått som supportar i alle år, seier Salvesen til NRK.

Lars Jørgen Salvesen

Lars-Jørgen Salvesen starta førre seriekamp borte mot Viking.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Salvesen har riktignok starta to kampar for eliteserieklubben, men det har vore på bortebane. Seinast mot Viking i førre serierunde. No får han altså ny tillit frå trenar Mons Ivar Mjelde.

– Han har gjort nokre gode innhopp og fekk tillit i Stavanger. Den tok han god vare på. Vi gler oss til å sjå han ta nye steg, seier Start-trenaren til klubben sine nettsider.

Veit han vil få sjansen

Salvesen har til no spelt 10 eliteseriekampar. Mot Sarpsborg får han altså sin kamp nummer 11. 19-åringen har scora eitt mål i eliteserien. Det kom mot Sandnes Ulf på heimebane i fjor. Overtidsmålet sende rogalendingane ned i 1. divisjon.

– Eg veit at dersom eg gjer det godt når eg får sjansen og jobbar godt på trening, så kjem moglegheitene, seier Salvesen.

Søndagens motstandar tapte førre seriekamp på heimebane mot Lillestrøm. Det same gjorde Start, som tapte 0-1 mot Viking i Stavanger etter ei sein scoring.

– Sarpsborg er eit tøft lag å møte. Dei scorar mykje på dødball, så det er viktig at vi ikkje lagar unødvendige frispark, seier han.

– Viktig med tre poeng

– Vi har og hatt mykje fokus på det offensive spelet vårt denne veka. Vi har jobba med klare retningsliner i forhold til korleis vi vil spele. Eg håpar vi får det til å sitte i dag, seier han.

Start står med tre strake kampar utan siger i eliteserien - fire om vi reknar med cuptapet mot Vindbjart.

– Det er veldig viktig med tre poeng no, seie Salvesen som akkurat har avslutta russetida.

Laster innhold, vennligst vent..