Hopp til innhold

I dag opna Noreg det første forskingssenteret for batteri i Grimstad

Fredag opna Morrow Batteries sitt eige forskingssenter i Grimstad. Her skal forskarar frå heile verda jobbe saman for å lage det perfekte batteriet.

Åpning av Morrows nye forskningssenter i Grimstad.

Morrow har tilsett rundt 70 personar til å jobbe på dei nye forskingssentera deira i Grimstad som opna fredag 9. juni.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

CO₂ i atmosfæren
419,7 ppm
1,5-gradersmålet
+1,08 °C
Les mer  om klima

– For å vere heilt ærleg er det ein draum å vere med på denne batterireisa i Noreg, seier 27 år gamle Ina Ruud Winther.

Ho er utdanna ingeniør og ein av rundt 80 tilsette ved forskingsstasjonen til fabrikken i Grimstad, som vart offisielt opna fredag.

Senteret ligg ved sida av Universitetet i Agder (UiA), og vil vere kompetansesenteret der Morrow Batteries kan utvikle ny batteriteknologi.

– Det at vi har fått eit forskingssenter er heilt fantastisk, seier Ruud Winther.

Åpning av Morrows nye forskningssenter i Grimstad.

Her ser Ruud Winther på bilete frå eit mikroskop som tek bilete ved hjelp av elektron.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Betyr mykje for landsdelen

Både politikarar og næringstoppar var til stades under opninga av forskingssenteret.

For første gong opna dei dørene til laboratoriet der forskarar og studentar skal samarbeide om å utvikle batteriteknologien.

Morrows forskningssenter i Grimstad

Av tryggingsgrunnar må ein del av forskinga gå føre seg i lukka boksar der ein må bruke hanskar.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

– No er vi inne i ein labb som retta blikket framover som kan sjå kva vi treng for å nå det grøne skriftet, seier fylkesordførar Arne Thomassen (H).

Han meiner dette er noko av det største som har skjedd i Agder på over 100 år.

Fylkesordfører og Grimstadordfører på åpning av Morrow forskningssenter

Fylkesordføreren og ordføraren i Grimstad snakka begge under opninga av forskingssenteret.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Også ordføraren i Grimstad, Beate Skretting, var med på opninga.

– Dette har veldig stor betydning for byen vår. Eg er glad for at det ligg i Grimstad, ikkje berre for næringslivet men også for universitetet.

Åpning av Morrows forskningssenter i Grimstad

Morrow har tilsette frå 25 ulike land.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Håpar på tettare samarbeid med staten

Same dag som forskingssenteret opna dørene er det nøyaktig tre år sidan Morrow vart grunnlagd i 2020.

– Dette er ei stor bedrift som har komme lang på kort tid, meiner styreleiar i Morrow, Liv Monica Stubholt.

styreleder i Morrow, Liv Monica Stubholt.

Styreleiar i Morrow, Liv Monica Stubholt, meiner dette er ein festdag for fabrikken.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Men det å starte ein batterifabrikk og eige forskingssenter kostar pengar.

Per no har Morrow fått inn 2,5 milliardar kroner av dei totalt 30 som dei treng.

Stubholt seier dei heile tida jobbane med å sørgje for finansiering av prosjektet.

– Eg er ikkje bekymra. Marknaden er i vekst og det vil vere stor etterspurnad av batteri. Det kan vi produsere i Arendal og dokumentere i Grimstad.

Ho understrekar likevel at ein ikkje skal ta noko for gitt.

– I sum krev finansieringa tett samarbeid mellom offentleg og privat sektor.

På innsiden av Morrows forskningsstasjon

Slik ser det ut på innsida av Morrows forskingsstasjon i Grimstad.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) sa til NRK for eit par veker sidan at norske selskap ikkje kan forvente seg like gode subsidieordningar som til dømes amerikanske selskap har fått i USA.

– Regjeringa jobbar med å sjå på korleis vi skal oppgradere verkemidla våre og eg håpar at vi har nærare avklaringar fram mot sommaren, seier Vestre.

Forskarar frå heile verda samla

Målet med forskingsstasjonen er at Morrow sjølv skal utvikle ny, smartare og billigare batteriteknologi som dei kan bruke på det som skal bli deira eigen fabrikk i Arendal.

Og forskingssjef ved Morrow Batteries, Jon Fold von Bülow, har eit klart mål:

– Den dagen vi kan seie vi har klart det er når vi har utvikla ein batteriteknologi som er grønare, blir laga av andre materiale enn i dag og som kan plassere i eit produkt.

Forskningssjef ved Morrow Batteries, Jon Fold von Bülow,

Forskingssjef, Jon Fold von Bülow, fortel at universitet og Morrow deler mykje av utstyret.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Forskingssjefen beskriv batteriutviklinga som eit internasjonalt kappløp, men trur stasjonen i Grimstad har ein fordel.

– Vi har trekt til oss forskarar frå heile verda. 25 ulike nasjonalitetar jobbar no hos oss.

Åpning av Morrows nye forskningssenter i Grimstad.

Disse menneska er blant dei som skal jobbe på forskingssenteret i Grimstad.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

NRK Sørlandet
Spiller nå
Gaute Heivoll aktuell med ny diktsamling 00:42
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 00 0,59 kr
Dyrest kl. 08 0,67 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,7 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Aug 2022 – aug 2023
    + 9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %