Hopp til innhold

Hyttenabo skremt av snøras

John Inge Blom og familien vurderer kontinuerleg om han og familien skal reise frå Hovden etter at nabohytta vart treft av eit snøras.

John Inge Blom

John Inge Blom vurderer å reise heim etter at eit snøras trefte nabohytta.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK

Måker vei inn til ras på Hovden

Ein traktor skal fylle vegen inn til hyttefeltet med snø slik at det er umogleg å komme seg inn.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK

Skavler på Hovden

Det er enorme brøytekantar og skavlar inn mot rasområdet.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK
– Det er skremmande og ein tankevekkar at eit skred kan komme så langt ned i hyttefeltet. Det viser kor store krefter som er i sving, seier han til NRK.

Ifølgje Blom er det kring 150 meter frå foten av fjellet.

Det var fredag kveld at eit snøras pressa ut vindauga på ei hytte. Ei anna hytte skal ha fått knust ein vegg.

Vurderer å reise

Blom eig nabohytta til den eine hytta som vart treft av raset. Dei er også nabo til ei av dei tre hyttene som no er evakuert.

Hytta til Blom vert ikkje rekna for å ligge i faresona. Difor har dei ikkje fått pålegg frå politiet om å forlate den.

– Vi vurderer fortløpande om vi skal reise herifrå. Vi følgje anbefalingane vi får frå mannskapa her. Førebels blir vi. Om vi får anbefaling om å reise, så gjer vi sjølvsagt det, seier han.

Trefte bod

Raset skal også ha treft boda til Blom.

– Den er øydelagd og full av snø, seier han.

Vegen inn til hytteområdet vil bli fylt med snø slik at det er umogleg å komme seg inn med bil.

NRK har spurt om å få lov til å gå inn til hyttene som er treft av ras for å ta bilete, men har fått streng beskjed om å halde seg langt unna området.

NRK oppdaterer saka.

Snøras i hytte på Hovden

Denne hytta er ein av naboane til Blom og vart treft av snøras. Den eine veggen på hytta skal ha blitt knust.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK