Hopp til innhold

To redda seg ut av brennande hytte

To bebuarar kom seg ut frå den brennande hytta på Nylund park på Hovden laurdag morgon. Hytta er totalskada etter brannen.

Brann på Hovden

Hytta er totalskadd etter brannen.

Foto: Tore Engesland

Brannvesenet vart varsla om brannen like før klokka åtte laurdag morgon. Det var to personar inne i hytta då det tok til å brenne, men begge tok seg sjølv ut.

Dei to er no sende til legevakta for sjekk.

– Dei vert sjekka for røykskader, sier operasjonsleiar i Agder-politiet

Truleg har brannen starta i andre etasje på hytta.

Brannvesenet måtte trekkje røykdykkarane sine ut av hytta då taket byrja å falle rase saman.

Brannvesenet opplyser til NRK på staden at det var vanskeleg å få kontroll over brannen. Det tok over ein time før dei hadde kontroll over flammane.

Brannårsaka er førebels ikkje kjent.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %