Hopp til innhold

Hyllar spelsauen med bok

KRISTIANSAND/OSE: Spelsauen har ein rik tradisjon i historia vår, på grunn av den allsidige kvaliteten på ulla.

Annemor Sundbø

HANDTEIN: Annemor Sundbø syner korleis ein spann ull før 1750.

Foto: Olav Åsen Haugsgjerd / NRK

– Ulltråden til spelsauen har vore ein viktig del av kulturhistoria, både i språket og handverkstradisjonen, seier tekstildesignar og statsstipendiat Annemor Sundbø.

Ho har skrive boka «Spelsau og samspill», som er ei refleksjonsbok omkring spelsauens plass i historia og kulturen i Noreg.

–Dette er urtidssauen vår, som har vore ein del av naturhushaldet her i landet i uminnelege tider, seier Sundbø.

I motsetning til Dalasauen som vart importert til landet i moderne tid har spelsauen kort hale, og mindre kjøttvekt. Men har ifølge forfattaren ei meir allsidig ull, som kan brukast til alt frå klede og segl.

Sundbø har gått attende til urmytane for å sjå kva spelsauen har betydd for nordmenn, frå oldtida og fram til nasjonsbygginga under unionsoppløysinga.

Redda av Setesdal

–Det var i Setesdal at spelsauen hadde overlevd, etter at den nesten var utdøydd på grunn av industrien, seier Sundbø.

Det var statskonsulent for småfeavl Jon Sæland, som tidleg på 1900-talet kjempa for spelsauen. Kom til Setesdal og såg at det var kvinnene der som hadde teke best vare på tekstilteknikkane til spelsau-ulla.

– Det var kvinnene i Setesdal som skal ha æra for at spelsauen har bestått som tekstilsau, seier Sundbø.

Høyr radioreportasje:

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %