Hopp til innhold

Hyllar Kurtovic etter nytt gull

Spelarar og supportarar i ØIF Arendal gjer trenar Marinko Kurtovic mykje av æra for gull i både serie og cup denne sesongen.

Marinko Kurtovic

Marinko Kurtovic har leia ØIF Arendal til to titlar denne sesongen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Svenn Erik Medhus

Svenn Erik Medhus og Andre Jørgensen Hofstøl omfamnar kvarandre etter klubbens andre gull denne sesongen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

ØIF Arendal seriegull

ØIF-spelarane jublar for seriegullet.

Foto: Sander Heggheim/NRK
– Han har skapt ein vinnarkultur og han har bygd treningskulturen i laget eit hakk vidare, seier keeper Svenn Erik Medhus til NRK.

Då Marinko Kurtovic skreiv under for ØIF Arendal for eitt år sidan tok han over eit lag i krise. Klubben kjempa for å overleve i eliteserien.

Frå fiasko til suksess

I løpet av ein sesong er fiasko snudd til suksess. ØIF Arendal har vunne rubbel og bit.

– Han er ein taktikar og har henta inn spelarar som passar veldig fint inn i laget. Det har gjort skilnaden, seier kaptein Eirik Heia Pedersen.

– Han har endra på nokon ting som har gjort oss betre. Vi har meir fokus på kontringsfasen og blitt verkeleg gode der, seier Andre Jørgensen Hofstøl.

Ein av supportarane som tok imot spelarane i Arendal sentrum onsdag kveld er mektig imponert over Kurtovic.

Får ros får supportarane

– Han har gjort ein enorm jobb. Det er attityden, lagkjensla og gutsen. Det er heilt enormt, seier han.

– Kor kjem dette til å ende?

– Er det nokon ende? Nei, ler supportaren.

Hovudpersonen sjølv vedgår at han er litt overraska over at klubben står med full pott.

– Det trudde eg nok aldri då eg kom på første trening. Eg tenkte «shit», skal vi lage eit gullag av dette, seier Kurtovic.

– Men dersom alle jobbar mot eitt mål og alle jobbar hardt, så kan vi skape noko saman. Dette er eit levande bevis på at gutane har teke det seriøst frå første dag, seier han.

Marinko Kurtovic

VIDEO: Sjå intervju med Marinko Kurtovic etter at gullet var sikra.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %