Hopp til innhold

ØIF-spelarane hyllar den nye trenaren

ØIF Arendal-spelarane er godt nøgd med at Marinko Kurtovic blir ny trenar i klubben.

Marinko Kurtovic og Laila Øygarden, ØIF Arendal

Marinko Kurtovic saman med styreleiar i ØIF Arendal Laila Øygarden søndag kveld.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Sondre Paulsen, ØIF Arendal

ØIF-spelar Sondre Paulsen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg har veldig respekt for Marinko Kurtovic som trenar. Eg tykkjer han har gjort mykje bra i klubbane han har vore, seier Sondre Paulsen til NRK.

Kurtovic vart presentert som ny ØIF-trenar i pausen i gårsdagens oppgjer mot Haslum i Sør Amfi. Han er i dag trenar i Runar Sandefjord og tek over ØIF Arendal først etter denne sesongen.

Ventar knalltøffe treningar

– Han står for ein type handball som eg likar veldig godt. Han krev mykje av spelarane og han får resultat. Eg trur dette blir bra, seier Paulsen.

Kurtovic har mellom anna seriegull og cupfinale på CV-en frå då han var trenar i Drammen. I Runar har han semifinale i europacupen Challenge cup å vise til. Som Stavanger-trenar tok han sølv i serien. Han har også eliteseriebronse med Vestli.

– Eg likar han veldig godt. Han er kjend for knalltøffe treningar med mykje springing. Han er veldig flink i klubbane han har vore og er tydelegvis flink til å få det beste ut av alle. Det gler eg meg til å sjå, seier Eirik Heia Pedersen.

Marinko Kurtovic og Per Carsten Michelsen

Marinko Kurtovic saman med sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eit kanonval

Asle Gran tok over som hovudtrenar i klubben etter at Leif Gautestad fekk sparken i desember. Også han er særs positiv til den nye trenaren.

– Det er eit kanonval. Han har gjort mykje bra i klubbane han har vore. Han kan veldig mykje handball, er ein fin person, flink med spelarar, flink til å utvikle spelarar og lag, seier Gran.

– Han er tøff med respekt, kyndig og veldig handballdyktig, så han blir veldig bra å få inn, seier han.

Sportsleg leiar Per Carsten Michelsen er glad for at spelarar og trenar Asle Gran er positiv til Marinko Kurtovic.

– Spelarane veit det vert tøft

– Vi fekk berre positive tilbakemeldingar frå spelarane då dei fekk vite det. Samstundes er dei klar over at det blir harde bod på trening. Det blir mykje trening utan ball, mykje styrke og anna trening. Dei veit kva han står for og veit at det vert tøft framover, seier han.

Ifølgje Michelsen sprenger ikkje klubben bankkontoen når dei hentar Kurtovic.

– Det er ei avtale som ligg omtrent på nivå med den vi hadde med Leif Gautestad. Den er litt annleis utforma, men kronemessig per månad for klubben er omtrent det same, seier Michelsen.

Styreleiar i ØIF Arendal Laila Øygarden saman med Marinko Kurtovic og dagleg leiar Kurt Eckholt. Kontrakta vart signert i pausen i oppgjeret mellom ØIF Arendal og Haslum.

VIDEO: Sjå intervju med Marinko Kurtovic.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %