Hopp til innhold

Hyllar Dahlen etter EM-sølv

Generalsekretær i Norges Bordtennisforbund, Svenn Erik Nordby, er stolt over EM-sølvet til Aida Dahlen frå Kristiansand i EM for funksjonshemma. No er ho også utteken til EM for funksjonsfriske.

Aida Dahlen

Aida Dahlen tok sølv under bordtennis-EM for funksjonshemma.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Aida Dahlen

Aida Dahlen jublar for sølvmedaljen.

Foto: Privat

– Ho viser at ho er på topp i Europa, men ho er også blant toppane i verda, seier Nordby til NRK.

Dahlen tapte finalen mot sin franske motstandar måndag kveld, men sikra likevel si beste plassering nokonsinne då ho sikra sølv.

– Betyr mykje

– Dette betyr mykje for norsk bordtennis. Aida har vist i mange samanhengar at ho er ein fantastisk ambassadør for idretten vår, seier han.

Kristiansandaren tapte finalen 0-3, men er strålande nøgd med sølv.

– Det var veldig gøy. Sist tok eg bronse og no kom eg til finalen. Eg hadde sjølvsagt håpa på å vinne, men eg var ikkje god nok. Så det var veldig gøy med sølv, seier Dahlen.

Dei sterke prestasjonane gjer at ho no er utteken til EM for funksjonsfriske som startar i Wien seinare denne veka.

– Vi har ikkje dei store forventningane til dei norske deltakarane her. Men vi har eit ungt lag som håpar å klatre høgare enn tidlegare, seier han.

Hovudmålet for Dahlen er OL i Rio om tre år. Generalsekretæren har trua på at ho kan klatre til topps på tabellen etterkvart.

Satsar mot Rio

– Teknisk sett er ho blant dei beste. Ho er framleis ung og har ambisjonar. Ho er ei flott idrettsjente som trenar mykje. Ho satsar mot Rio i 2016 og har ambisjonar om å gjere det bra, seier han.

– Eg har tru på at ho kan ta gull etterkvart. Ho har vist fleire gonger at ho er i toppen. Det er berre snakk om tid, så er ho heilt i toppen, seier Nordby.

Hovudpersonen sjølv har trua på at ho vil ta gull i framtida.

– Eg vil stå på toppen ein gang. Eg må berre jobbe hardt framover. Det er VM neste år, EM året etter, så kjem Rio. Det er berre å jobbe hardt og gjere det bra i Rio, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %