NRK Meny
Normal

Hushovd vil sykle i fire år til

Grimstad-syklisten Thor Hushovd er meir motivert enn nokon gang. No ser 34-åringen fram mot OL i Rio de Janeiro om fire år.

Thor Hushovd

FIRE ÅR: Thor Hushovd vil halde på i fire år til.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Det er hovudet som avgjer, men akkurat no er eg veldig motivert. Eg ser føre meg at eg har fire år til. Fire gode år, seier Hushovd til NRK.no.

Årets sesong har vore eit mareritt for Hushovd. Magetrøbbel og virus gjorde at han braut ei rekkje ritt og han måtte stå over både Tour de France, OL i London og VM i Nederland.

Elendig form

Sjukdommen sette han heilt ut av trening og han meiner sjølv at det er 15 år sidan han har vore i like dårleg form som no.

– I 1997 sleit eg med eit vondt kne og deretter dårleg motivasjon. Eg heldt på å leggje opp etter det, fortel Hushovd.

– Det året sykla eg lite. Sidan då har eg aldri hatt ein pause på tre månader. No er forma elendig, men eg veit at den kan byggjast raskt opp igjen, seier sørlendingen.

Motivasjon på topp

No er Hushovd meir motivert enn nokon gang og vil slå hardt tilbake kommade sesong.

– Eg har ein god følelse med 2013. I år gjekk det ikkje heilt som planlagt. Ein ser ofte når ein har hatt eit dårleg år, så snur det til neste år. Eg har lagt sjukdommen bak meg og viruset er ute av kroppen. Eg vil seie at alt ligg til rette for noko stort, seier han.

– Er du ekstra svolten på å vise deg fram etter dette?

– Eg har lyst til å kjempe i toppen og vinne sykkelløp. Det er det som motiverer meg. Det er sjølvsagt også nokon som trur at mi tid er over. Det er eg sikker på at den ikkje er, seier han.

Thor Hushovd

TRØBLETE: Thor Hushovd har lagt ein vanskeleg sesong med mykje sjukdom bak seg.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Vil vinne Paris-Roubaix

Thor Hushovd har vunne det meste på sykkelsetet. Så langt har det blitt 10 etappesigrar i Tour de France, han har vunne poengtrøya i Tour de France to gonger og han har teke VM-gull i landevegssykling. Men det er eitt løp han gjerne vil vinne før han gir seg som toppsyklist.

– Paris-Roubaix er det store målet og det er den eg drøymer om å vinne før eg legg opp. Generelt er det å komme tilbake i god gammal form og vinne sykkelløp. Å vere med å kjempe om sigrar og få ein siger innimellom rett og slett, seier han.

Video VM sykkel

MEIR JUBEL? Thor Hushovd trur han kan komme tilbake i godt gammalt slag.

Foto: Nyhetsspiller
Thor Hushovd og kona Susanne

STØTTE: Thor Hushovd takkar kona Susanne for god støtte på heimebane.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

På heimebane har han to små barn. Han vedgår at det er utfordrande, men takkar kona for god støtte.

– Å ha to små barn tek sjølvsagt tid og krefter. Men har heldigvis ei kone som støttar meg hundre prosent og som er like motivert som meg for at eg skal komme tilbake. Det hjelper og eg er avhengig av det, seier han.

– Må bli meir skjerpa

Etter ein trøblete sesong har han hatt tid til å analysere treningsarbeidet. No har han klart føre seg kva som må bli betre for at han skal lukkast med å komme tilbake på toppnivå.

– Eg må gjere dei tinga eg har gjort før, som eg veit fungerer. Elles må eg vere litt meir skjerpa på trening. Eg har noko å gå på der, vedgår toppsyklisten.

– Skuldrene har kanskje blitt litt meir avslappa dei siste åra og restitusjon er sjølvsagt ekstremt viktig. Det er litt sånne små grep som ein har fått auga opp for når ein har gått på sidelinja eitt år, seier han.