NRK Meny
Normal

Hushovd sikker på massespurt

Thor Hushovd er optimist føre dagens etappe i Tour de France.

Thor Hushovd
Foto: HEIKO JUNGE / SCANPIX

– Det er ei hard løype, men eg er sikkert på at det vert ein massespurt. Det er berre å prøve, seier Hushovd til NRK.

I gang

Gårsdagens tempoetappe vart ein stor skuffelse då han enda heilt nede på ein 120. plass. Men det viktigaste var å komme i gang.

– Det var heilt greit. Det var ein vanvittig hard tempo-etappe, men eg er glad vi er i gang. Det har vore nokre lange dagar i forkant. Så det er deilig å vere i gang, seier han.

– Tøft

Hushovd håpar på å kunne kjempe lenger framme i feltet på dagens flate etappe.

– Vi startar rett opp fjella bak Monaco. Det blir ein tøff start, men eg håpar vi ligg samla og kan spurte om siger, seier Hushovd.

Dagens etappe går mellom Monaco og Brignoles og er 185 kilometer lang. Sveitsaren Fabian Cancellara vann gårsdagens tempo-etappe.

Thor Hushovd

Thor Hushovd på gårsdagens etappe.

Foto: HEIKO JUNGE / SCANPIX