Hopp til innhold

Hushovd ser fram til å komme i gang

Thor Hushovd klar til Tour de France.

Thor Hushovd

Thor Hushovd.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

– Eg føler meg bra. Det er god stemning i Monaco og blant gutta. Eg trur det blir spennande og eit enormt folkeliv, seier Hushovd til NRK.

– Sterke ryttarar

Sjølv trur han at han har større moglegheit til å vinne den grøne trøya i år enn på fleire år.

– Vi har sterke ryttarar. Vi har den regjerande Tour de France-vinnaren (Carlos Saestre). Det er stort å køyre på lag med han. Det er motiverande å sykle på eit nytt lag, og eg ser verkeleg fram til dette, seier Hushovd.

Tidlegare har Grimstad-syklisten slite med skader og sjukdom under Tour de France. Dette håpar han å få orden på no.

Sjukdom og skader

– For å prestere maksimalt er ein avhengig av å unngå sjukdom og skader. Eg må jobbe med det eg har gjort før og bruke det eg har lært. Truleg er det astma som er årsaka til at eg har slite tidlegare, seier han.

– Eg har prøvd å få optimal medisinering mot det. Eg føler vi har kontroll, og har fått mykje innspel frå legane vi har tilgjengelege, seier han.

Også i år er det venta fleire dopingavsløringar. Til det har Hushovd følgjande svar:

- Vi får håpe dei tek ut dei råtne epla.

Dagens etappe startar klokka 15.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %