NRK Meny
Normal

Hushovd optimist før klassikar: – Sterk nok til å vinne

Grimstad-syklisten Thor Hushovd har tru på siger før helgas brusteinsklassikar Omloop Het Niewsblad i Belgia.

Thor Hushovd klar for VM

Thor Hushovd er optimistisk før laurdagens Omloop Het Niewsblad i Belgia.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Eg er her, eg er sterk nok og eg veit at eg har nivået som krevst for å kjempe i toppen, seier Hushovd til nettstaden procycling.no.

Ryttarane skal mellom anna leggje bak seg 16 kilometer med brustein på den 200 kilometer lange strekninga.

Hushovd vann klassikaren i Belgia i 2009.

– Eg er veldig motivert før laurdagens ritt. Hovudmålet er å vinne Paris-Roubaix, og Flandern rundt er viktig. Men det er veldig vanskeleg å lukkast på akkurat den og den dagen. Så om eg kan komme til Flandern rundt med nokre sigrar, så er det bra, seier han til nettstaden.

Det er under ei veke sidan sørlendingen gjekk i brot i det franske rittet Tour de Haut Var.

Han sat aleine heilt fremst i fem mil, før han vart henta inn att av hovudfeltet. No håpar Hushovd at kraftprøva gir resultat i laurdagens klassikar i Belgia.

– Det er ofte eg treng ei slik utblåsing før eg kan prestere som best, seier han.