Hopp til innhold

Hushovd imponerte i USA

Grimstad-syklisten fekk ein god debut for sitt nye lag Cervelo TestTeam natt til søndag.

Thor Hushovd
Foto: Steve Yeater / AP

- Det gjekk veldig bra. Eg er kjempenøgd med opninga på sesongen. Det er tross alt lenge sidan eg konkurrerte sist, seier Hushovd til VG.

Usikker Hushovd

Hushovd enda på ein sterk 5.plass i prologen. Føre seg hadde han sterkte tempoløparar som Fabian Cancellara, Levi Leipheimer, David Zabriskie og Michael Rogers.

- Eg var usikker før start, sidan eg ikkje har budd meg på prologkøyring. Men då vi kom i gang hadde eg litt å gasse med likevel, seier Hushovd.

Men den som fekk størst merksemd under løpet i natt var sjølvsagt Lance Armstrong som gjorde comeback i heimlandet.

- Enormt trøkk

- Eg har vore på nokre store fotballkampar i mitt liv, og dette var som å sykle på ein gedigen stadion. Stemninga var vanvittig. Mykje på grunn av Lance, men sykkel har generelt blitt enormt stort i USA, seier han.

Natt til måndag har Hushovd tru på sesongens første spurtduell for sin eigen del. Med seg har han sin nye opptrekkjar, Brett Lancaster.

- No startar samarbeidet mellom oss. Eg gler meg. Med Brett og Hayden Roulston på plass bør vi styre balletten. Vi bør vere heilt framme dei siste 200-300 meterne, så får vi sjå kor mykje krefter eg har i bena, seier Thor Hushovd.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %