NRK Meny
Normal

Hus totalskadd etter brann

Huset i Tvedestrand var overtent då brannvesenet kom til staden. Brannårsaka er førebels ikkje kjent.

Brann i Tvedestrand

Huset var overtent då brannvesenet kom til staden.

Foto: Elisabeth Grosvold

Det vart slått alarm ved 13.20-tida søndag ettermiddag.

Naudetatane rykte ut til staden, men vart møtt av eit flammehav, som var vanskeleg å få kontroll over.

– Det var ingen personar inne i huset då det byrja å brenne, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Miriam Stausland til NRK.

Huseigaren vart raskt varsla om brannen. Politiet veit førebels ikkje kva som starta brannen.

– Huset er meir eller mindre utbrent Vi vil gjennomføre tekniske undersøkingar når branntomta er kald. Det vil nok ikkje skje før i morgon, seier Stausland.

Brann i Tvedestrand

Politiet skal prøve å finne brannårsaka måndag.

Foto: Elisabeth Grosvold