Hus stod i full fyr - fire personar evakuerte

Fire bebuarar kom seg ut av eit hus som stod i full fyr på Mosby i Kristiansand. Brannen starta i første etasje, og spreidde seg.

Ifølgje brannvesenet brann det i to hus.

Like før klokka 11 varsla brannvesenet at dei hadde kontroll på brannen. Det vert no drive ettersløkking.

– Alle bebuarane har komme seg ut av huset. Det ser ikkje ut til at nokon er skadde. Men dei vert sjekka av helsepersonell for røykskader, seier innsatsleiar i Agder-politiet, Kjell Iveland til NRK.

Politiet stadfestar at to personar er sende til legevakta for sjekk, etter å ha pusta inn røyk.

Kjell Iveland

Kjell Iveland er innsatsleiar i politiet.

Foto: Jon Anders Møllen / NRK

Starta i første etasje

Brannen starta i første etasje i huset, der det var to personar.

Seinare spreidde flammane seg til andre etasje der det budde ein person. Desse kom seg ut.

Også ein bebuar i eit nabohus vart evakuert.

– Det er for tidleg å seie noko om kva som starta brannen, seier Iveland.

Spreidde seg

Brannvesenet frykta på eit tidspunkt at brannen skulle spreie seg til fleire hus. Totalt er det sju firemannsbustader i området.

– Det brenn i første etasje. Ifølgje opplysningar politiet har fått skal alle vere ute av huset, opplyste operasjonssentralen i Agder-politiet laurdag føremiddag.

Seinare spreidde flammane seg altså seinare til andre etasje.

Brannmannskap frå både Kristiansand og Vennesla deltek i sløkkearbeidet.

Brannen vart varsla like før klokka ti laurdag.

Brann på Mosby
Foto: Jon Anders Møllen / NRK