Hopp til innhold

Hundrevis i kø ved legevakta i Kristiansand

Legevakta i Kristiansand har rekordlange køar i sommar. Det går utover fleire hundre pasientar i veka.

Legevakta i Kristiansand

Fleire turistar, fastlegar på ferie og eit nytt vurderingssystem gjer at legevakta i Kristiansand har rekordlange køar i sommar.

Foto: Per-Kåre Sandbakk

Legevakta i Kristiansand innrømmer at dei har rekordlange køar i sommar.

Det nye registreringssystemet stel tida til sjukepleiarane, og det går kvar veke utover fleire hundre pasientar, fortel merkantil Trine Haaversen.

– Det hender at pasientar blir sinte fordi dei må vente for lenge. Dette gjeld spesielt foreldre med små barn.

– Sjukepleiarane opplever det som vanskeleg

Haaversen bekreftar at det er fleire år sidan det har vore så lange køar som i juli i år.

– Det er noko lenger ventetid i år enn det har vore tidlegare. Sjukepleiarane opplever det som vanskeleg.

Fleire turistar, fastlegar på ferie og det nye vurderingssystemet er årsakene til køane.

– Eg vil ikkje seie det er noko feil ved systemet, det er berre slik det er. Det er eit tryggare system sidan det går grundigare igjennom problemstillinga før pasienten går inn til legen, seier Haaversen.

Legevakta beklagar at det er på denne måten.

– Vi beklagar sjølvsagt at pasientane må vente så lenge.

Ikkje første gang legevakta får kritikk

Dette er ikkje første gang rutinane ved legevakta i Kristiansand er gjenstand for kritikk.

I 2015 fekk legevakta kritikk i ein tilsynsrapport der Fylkesmannen i Vest-Agder påpeikte at Kristiansand kommune ikkje sikrar at pasientar som har krav på legevakttenester frå Kristiansand får forsvarleg hjelp.

Legevaktas omgang med opplysningar om pasientar vart også kritisert i tilsynsrapporten, då den ikkje skal ha lagt til rette for å hindre at uvedkomande får tilgang til pasientopplysningar.

I 2014 vart legevakta sett under tilsyn etter ei bekymringsmelding beståande av ti punkt frå lege Georg Rigadis i Birkenes.

Rigadis viste mellom anna til at hastepasientar måtte vente i opptil seks timar på legevakta.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %