NRK Meny
Normal

Hundar tok livet av lam: – Eit forferdeleg syn

To blandingshundar gjekk til angrep på to lam på beite i Øvrebø i Vennesla. No ber bonden hundeeigarar om å halde hundane i band.

Lam drepe av hundar

Eitt av lamma vart funne daudt torsdag kveld etter hundeangrepet.

Foto: Privat

– Det var eit forferdeleg syn. Hundane reiv i og sleit i det eine lammet då vi oppdaga det, seier Wenche Mølland til NRK.

Bonden vart varsla av ein nabo som såg at to hundar jaga saueflokken. Mølland og mannen sprang til staden og fekk etterkvart kontroll over situasjonen.

Eit av lamma var allereie daudt. Eit anna er i live og har fått smertestillande og pencillin av dyrlegen.

– Eg reknar ikkje med at det klarer seg. Det har store bittskader i halsen, seier ho.

Avliva hundane

Det var torsdag kveld hundeangrepet skjedde på garden hennar. Mølland valde å legge ut eit bilete av det daude lammet på Facebook-sida si for å åtvare hundeeigarar.

– Hundeeigarane må ta ansvar. Det er så unødvendig at slikt skal skje. Det er ikkje berre beitedyr hundane kan ta. Det er også ville dyr som har ungar no, seier ho.

Hundeeigaren seier til Fædrelandsvennen at han allereie har avliva dei to hundane som angreip lamma.

– Det er forferdeleg for eigaren at han måtte avlive dei. Men han har teke ansvar. Det står det respekt av. Tenk om alle var så fornuftige, seier Mølland.

Reiv seg laus

Eigaren seier til avisa at han ikkje hadde noko val.

– Eg måtte berre avlive dei. Det nyttar ikkje når dei først har fått smaken. Det går på instinktet. Det var snille hundar, og dei var i band då dei var på tur. Men dei klarte å rive seg laus og sprang etter dyra, seier eigaren til Fædrelandsvennen.

Bonden veit førebels ikkje om ho vil melde saka til politiet.

– Vi må vurdere om det er naudsynt når hundane allereie er avliva, seier ho.

– Har du opplevd liknande før?

– Det skjer nesten kvart år at hundar spring etter lam på beite, seier ho.

I Kristiansund er eit rådyr truleg drepe av ein hund fredag.

Ifølgje hundelova skal hundar haldast i band eller vere forsvarleg innegjerda i perioden 1. april til 20. august.