NRK Meny
Normal

Hummarfiskarar redda i land

To personar er plukka opp frå sjøen utanfor Hidra i Flekkefjord.

Laster kart, vennligst vent...

– Det var ein relativt kritisk situasjon, seier redningsleiar Jan Lillebøe ved Hovudredningssentralen Sør-Norge.

Like før klokka 11 fekk politiet ein telefon frå ein annan hummarfiskar som melde om at to personar hadde falle i sjøen.

Klamra seg fast

Båten deira hadde gått rundt, og dei to klamra seg fast i kjølen på båten.

– Hovudredningssentralen trykte på den raude knappen og fekk ut både redningsskøyte, Røde Kors og helikopter, seier Lillebøe.

Men personen som melde ifrå om hendinga tok seg sjølv ut til dei to hummarfiskarane og fekk dei opp frå sjøen.

– Dei er plukka opp, teke til land og blir tørka opp. Alt står bra til med dei. Han har gjort ein fantastisk jobb han som plukka dei opp, seier han.

– Må ikkje ta sjansar

Ifølgje redningsleiaren var det vanskelege vêrforhold i området. Det er vind frå nordvest opp i ti meter i sekundet i kasta.

Han åtvarar folk om å trasse vêret når ein skal på sjøen for å fiske hummar.

– Det har vore mykje sjø. Folk må ikkje ta sjansar. Så mykje er ikkje hummaren verd og eit menneskeliv kan gå frykteleg fort derom ein er uheldig, seier han til NTB.