Hopp til innhold

Hulsker vil kopiere vårkampen

Bernt Hulsker scora to mot Tromsø i 3-1 sigeren mot Tromsø i vår. Det vil han gjere igjen på Alfheim i kveld.

Start-jubel
Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

– Vi var i en strålande form på den tida, og spelet sat. Måla mine var enkle, men dei kom etter godt spel av heile laget, seier Hulsker til klubben sine nettsider.

Verdensklasse

I vår sende Cristian Bolaños Start i føringa etter ei kjempescoring. Målet vart i ettertid kåra til det tredje flottaste målet i verda i juni. Bernt Hulsker dobla leiinga litt seinare. Tromsø reduserte ved Joel Lindpere, men gjorde det vanskeleg for seg sjølv då Tore Reginiussen fekk raudt kort etter å ha takla Bernt Hulsker.

Cristian Bolanos

Christian Bolaños

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Hulsker fastsette sluttresultatet til 3-1 etter ei nydeleg førearbeid av Geir Ludvig Fevang. Hulsker har tru på seg sjølv og lagkameratane sine føre dagens kamp.

– Vi må tore

– Vi må tore å sleppe oss litt meir lause. Tore å spele ball og satse offensivt. Tromsø er gode på eige (kunst)gras, men det er mange lag som har teke poeng der oppe og det kan vi også gjere, seier Hulsker.

Også Start-trenar Knut Tørum har trua på at laget kan få med seg poeng frå Tromsø.

– Vi må vere direkte i spelestilen og spele meir på mann enn i rom. Underlaget tillet ikkje slurv i pasningsspelet. Då vil ballen berre fyke av garde. Så vi må vere presise. Samstundes må vi vere kompakte i forsvarsspelet for å demme opp for dei hurtige angriparane deira. Då har vi ein god sjanse, meiner Tørum.

Troppen

I går var det uklart om Clarence Goodson kom til å rekke kampen. Men Goodson er friskmeldt og er med i troppen som reiser til Tromsø.

LES OGSÅ: 18-åring kan få Start-debut

Bård Borgersen er ikkje med til Tromsø på grunn av ein skade han pådrog seg i oppgjeret mot Aalesund i førre serierunde. Petter Bruer Hanssen er tilbake etter skade. Solomon James Owello må stå over kampen på grunn av karantene.

Clarence Goodson

Clarence Goodson er tilbake etter sjukdom.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Følgjande spelarar er med til Tromsø: Bernt Hulsker, Branislav Milicevice, Christer Kleiven, Christian Bolaños, Clarence Goodson, Espen Børufsen, Espen Knudsen, Geir Ludvig Fevang, Hunter Freeman
Jesper Mathisen, Kenneth Høie, Knut Henry Haraldsen, Mads Stokkelien, Morten Hæstad, Olufemi Oladapo, Petter Bruer Hanssen, Rolf Daniel Vikstøl, Tommy Runar.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %