Hopp til innhold

Hulsker ferdig i Start

Start-spissen Bernt Hulsker må stå over tre kampar og får ikkje fornya kontrakt etter at han slo ned ei dørvakt i helga.

Bernt Hulsker

UTESTENGT: Start nektar Bernt Hulsker å spele dei tre neste kampane etter valdsepisoden natt til søndag.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Det har klubben avgjort onsdag ettermiddag.

– For klubben har det vore viktig å vere tydeleg på at dette er ein uakseptabel oppførsel, seier administrerande direktør i Start, Sveinung Hovstad i ei pressemelding.

– Hulsker har sjølv lagt alle kort på bordet og vist ein oppriktig vilje til å rydde opp, skriv han.

Hulsker: - Vil sjå framover

Til VG nett seier Hulsker sjølv at han no ynskjer å sjå framover.

- Eg har ikkje lyst til å seie så mykje om det som har skjedd. No ynskjer eg å konsentrere meg om det som skjer framover, seier Hulsker til vg.no.

- No skal eg trene for fullt med laget, og få med meg slutten av sesongen. Det gleder eg meg veldig til. Eg har noko å sjå fram til, meiner spissen.

33-åringen vil ikkje gje seg med fotballen etter sesongen.

- Eg har veldig, veldig lyst til å spele fotball neste år, men ein kan aldri føle seg trygg på nokon ting. Det er viktig for meg å fullføre sesongen på ein ok måte, seier Hulsker.

Beklaga valdsepisoden

Det var natt til søndag at Hulsker slo ned ei dørvakt i Kristiansand, og hamna i fyllearresten. Hulsker vedtok eit førelegg på 10 000 kroner.

LES OGSÅ: Hulsker bøtelagt for vold

Valdsepisoden fekk stor mediemerksemd, og Hulsker var raskt ute med å beklage hendinga.

«Eg beklagar sterkt det som skjedde seint laurdag kveld. Slikt skal ikkje førekomme og det fins ingen unnskulding for det eg har gjort», skreiv han i ei pressemelding.

Video Hulsker fikk bot etter slag og fyll

Får ikkje ny kontrakt

– Vi gjer han tre kampars karantene. Kontrakta hans går ut etter denne sesongen. Den vil ikkje bli forlenga, skriv Hovstad.

Hulsker skal trene for fullt med Start ut kontraktstida.

– Klubben er innstilt på å leggje til rette for Hulsker si framtid som fotballspelar, skriv Hovstad.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %