Hopp til innhold

Høie vil behalde alle sjukehusa på Sørlandet

Det vil ikkje bli vesentlege endringar i sjukehusstrukturen på Sørlandet før ein nasjonal helseplan er klar. Det seier helseminister Bent Høie.

Bent Høie

Helseministeren var tysdag i møte med styret i Sørlandet sykehus.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Heilt uavhengig av styrevedtaket står det fast at ein skal føle tryggleik for at det ikkje skjer vesentlege endringar, seier Høie til NRK.

Statsråden var tysdag i møte med styreleiaren og administrerande direktør i Sørlandet sykehus. Han møtte også tillitsvalde ved sjukehuset og politikarar.

Bente Høie på øyeavdeling

Høie besøkte mellom anna augeavdelinga på sjukehuset i Arendal.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Plass til tre sjukehus

Møtet vart halde berre dagar etter at styret vedtok at det skal vere tre sjukehus i landsdelen også i framtida, med hovudsjukehus i Kristiansand.

– Før ein gjer eit vedtak på sjukehusplan 2030 skal vi ha vedteke helse- og nasjonal sjukehusplan. Då må dei halde seg til det som ligg der, seier helseministeren.

Høie meiner at det vil vere plass til tre sjukehus i landsedelen også i framtida.

– Det oppfattar eg at der er veldig lite ueinigheit kring. Eg ser ikkje at det skjer noko med at ein ikkje skal ha tre sjukehus, seier han.

Styreleiar: – Han var tydleg

Styreleiar Camilla Dunsæd sa dette etter møtet med helseministeren.

– Han var tydleg på at vi ikkje skal gjere endringar i sjukehusstruktur, funksjonsfordeling eller innhald i sjukehusa våre før nasjonal helse- og sjukehusplan kjem, seier ho.

– Det er eigentleg det same som styret sa i punkt tre i sitt vedtak. Vi skal ta utviklingsplan 2030 til behandling når den planen er klar, seier Dunsæd.

Den nasjonale helse- og sjukehusplanen blir lagt fram til hausten og vil ikkje vere ferdig behandla lokalt på Sørlandet før om eitt år.

Nett-TV:

Helsemninisteren om Sørlandet sykehus.

Bent Høie (t.v.) var i møte med mellom andre styreleiar i Sørlandet sykehus, Camilla Dunsæd (t.h.) tysdag.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %