Hopp til innhold

Hockeyklubb vil bli kvitt «bøllestempel»

Opp mot 100 barn er med på Kristiansand Ishockeyklubb sin hockeyskule i løpet av eit år. Klubben vil ta livet av mytane kring idretten.

Kristiansand Ishockeyklubb har hatt ishockeyskole for barn og ungdom

Sjå video frå ishockeyskulen i Kristiansand.

– Vi tykkjer sjølv at ishockey er verdas beste barneidrett. Det finst ikkje skader. Vi prøver å få bort bøllestempelet og vise at det er ein utruleg bra idrett, seier Mads Scott som er dagleg leiar i Kristiansand Ishockeyklubb.

Laurdag var opp mot 60 barn i alderen tre til ni år på isen i Idda Arena, for å vere med på ishockeyskulen til klubben. Nokre var på isen for aller første gang.

– Vi er opptekne av at barna skal oppleve meistring. I ishockey får du mykje meistring i både motorikk, koordinasjon, styrke og ikkje minst å lære å gå på skøyter, seier han.

Ishockeyskole i Kristiansand

Rundt 60 barn deltok på ishockeyskulen laurdag.

Foto: Morten Krogstad / NRK

– Kosa meg veldig mykje

Ein av deltakarane på ishockeyskulen har berre lovord om ishockeyskulen.

– Det var skikkeleg bra. Eg kosa meg veldig mykje på isen. Eg må berre bli vand med isen her i Norge. Den er litt annleis i England, seier ho.

– Eg tykkjer det er skikkeleg fint. Det inspirerer mange små barn til å byrje med ishockey og trene for å bli skikkeleg gode, seier ho.

Og er det mange av barna som opplever rask framgang, ifølgje trenarane i klubben.

– Det er så gøy å sjå at små barn kan utvikle seg og ta stega allereie etter ein time hos oss. Etter å ha vore med i eit halvt år, spring dei på skøytene. Det er noko av det kjekkaste ein kan sette barna sine til, seier Tor Anders Nodeland.

– Etter kvart som dei lærer ein liten ny ting, så er det ei enorm meistringskjensle. Det er ikkje noko som er finare å sjå på enn barn som meistrar noko, seier han.

Tor Anders Nodeland - trener

Tor Anders Nodeland er trenar i Kristiansand Ishockeyklubb.

Foto: Morten Krogstad / NRK

– Skummelt og tøft

Ishockeyklubben haustar også lovord frå foreldre.

– Eg tykkjer det er veldig bra. Som ny spelar blir du teke utruleg godt imot. Ein trur kanskje det er skummelt og tøft, men det er ikkje det i det heile. Då får det utruleg moro på isen. Eg hadde ein gut som var litt spent, men det har berre vore heilt fantastisk, seier Geir Bergkvist.

Ishockeyklubben starta skulen i 2011, då Idda Arena opna.

– Miljøet blir større og større, men er framleis lite. Vi ynskjer å nå fram til flest mogleg i området, seier

Ishockeyskole i Kristiansand

Barna får kyndig opplæring og instruksjon på ishockeyskulen.

Foto: Morten Krogstad / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %