Hopp til innhold

Hjerneoperert utan nok bedøvelse

Rikshospitalet får krass kritikk frå Helsetilsynet etter at Åge Egeland (41) vart operert for ein hjernesvulst, der han ikkje fekk nok bedøvelse.

Åge Egeland

OPERERT: Åge Egeland opplevde eit skikkeleg mareritt då han ikkje fekk nok bedøvelse under ein hjerneoperasjon. (Arkivfoto)

Foto: Jorunn Busk, Avisen Agder

– Helsetilsynet i Oslo og Akershus meiner at involvert anestesipersonell gjorde ei feilvurdering, og såleis ikkje lukkast å oppnå ønskt effekt av anestesien. Vi meiner dette er eit klart brot på god praksis, konkluderer tilsynet, ifølgje Dagbladet.

– Kappa meg opp

Det var i april i fjor at 41-åringen ikkje fekk nok bedøvelse under ein våken hjerneoperasjon. Trebarnsfaren fekk påvist hjernesvulst i 2005 og blitt operert fire gonger.

Egeland skulle gjennom ein såkalla våken kraniotomi. Under ein slik type operasjon blir pasienten halde våken for å kontrollere at hjernevev ikkje vert skada når svulsten blir fjerna.

– Eg kan jo hugse at dei kappa meg opp. Dei brukte eit sagliknande reiskap. Men det var jo meir ille då dei rota inni hovudet mitt, sa Egeland til NRK.no i fjor.

Mannen gjekk gjennom den same operasjonen to år tidlegare utan problem. Helsetilsynet trekkjer fram at det vart gitt vesentleg mindre bedøvelse under operasjonen i fjor enn under operasjonen i 2008.

Har fått problem

– I saksdokumenta kjem det ikkje fram nokon grunn til at det vart gitt mykje lågare dose i 2010. Det er heller ikkje gitt noko openbar forklaring på dette, herunder heller ikkje frå uttalelsane til anestesioverlege og anestesisjukepleiar, skriv Helsetilsynet.

41-åringen har fått store problem i etterkant av operasjonen, og har fått diagnosen Post traumatisk stressyndrom.

– Eg gjenopplever operasjonen heile tida, sa Egeland.

Ifølgje avisa kom Norsk pasientskadeerstatning tidlegare i år fram til at han ikkje har krav på erstatning.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %