– Vi greier ikkje å dekkje det behovet som er der ute no og kjenner på eit stort press for å hjelpe fleire enn vi klarer, seier Christian Førland.
Han er dagleg leiar i Matsentralen Sør i Kristiansand.
Saman med sju andre matsentralar landet rundt, merke han veldig pågang.
Fleire stader i landet, mellom anna i Kristiansand, har behovet for mathjelp auka med over 50 prosent det siste året.
Tidlegare denne veka kom ein rapport frå Sifo som viste at matprisane har auka med 15 prosent det siste året.
Førland meiner styresmaktene no må ta meir ansvar.
– Situasjonen er prekær. Dei bør vise meir handlekraft og sjå på satsane for kor mykje pengar folk får og støtta til frivillige organisasjonar som jobbar med dette, seier han.
Christian Førland er dagleg leiar hos Matsentralen Sør og seier dei ikkje har sjanse til å levere nok mat til dei frivillige organisasjonane som fordeler maten vidare.
Foto: Kai Stokkeland / NRKFangar ikkje opp behovet
Småbarnsforeldre og åleineforsørgjarar er dei gruppene som aukar mest.
Behovet for mathjelp for denne gruppa har auka med over 30 prosent sidan juni i fjor, viser ei fersk undersøking i regi av Matsentralen Noreg.
Til samanlikning har auken blant ukrainske flyktningar vore på 12 prosent.
Per Christian Rålm er dagleg leiar i Matsentralen Noreg. Han meiner auken viser at terskelen for å få hjelp andre stader er for høg.
– Eg er skaka over denne auken. Behovet for mathjelp eksploderte i fjor sommar og har gått føre seg sidan, seier Rålm.
I fjor delte Matsentralen Sør ut 11 millionar måltid. Det var 35 prosent meir enn året før.
Foto: Kjetil Samuelsen / NRKRålm tek no til orde for at mathjelp bør bli ein eigen post på statsbudsjettet.
– Situasjonen er no såpass prekær at velferdsstaten ikkje greier å fange opp behovet med høge nok aukar i trygder og stønader.
Han meiner meir konkret statsstøtte vil forsterke arbeidet dei gjer saman med frivillige organisasjonar og matbransjen som leverer overskotsmat.
– Vi kunne gitt meir mathjelp med ei sterkare støtte. Her snakkar vi om enkeltpersonar som køyrer rundt på fritida si og betaler drivstoffkostnader for å dele ut mat i Noreg, seier Rålm.
Dagleg leier i Matsentralen Noreg Per Christian Rålm seier mathjelp er eit viktig supplement i tillegg til hjelpa frå velferdsstaten.
Foto: Truls Alnes Antonsen / NRKTakksamt for maten
Hos Frelsesarmeen i Kristiansand merkar dei godt auken i mengd som ønskjer mathjelp.
Det siste året har dei meir enn dobla mengda dei deler ut.
– Til tider er det hektisk her med nærare 200 personar som kjem. Vi må derfor sleppe folk inn puljevis, fortel frivillig matutdelar Per Økland.
Ein av dei som har møtt fram for å få ein pose mat denne dagen er ukrainske Sergjei.
Han er glad for hjelpa han får.
– Eg er veldig takksam for maten og kjærleiken eg har vorte møtt med her, seier han.
Den ukrainske flyktningen Sergjei er hos Frelsesarmeen i Kristiansand for å hente ein matpose.
Foto: Kai Stokkeland / NRDagleg leiar hos Frelsesarmeen i Kristiansand Bjørn Edvard Andersen, støttar kravet om at styresmaktene må komme meir på banen.
– Det offentlege bør ta ein større del av hjelpepakken. Situasjonen for veldig mange som lever på eit minimum har vorte mykje verre i løpet av det siste året, seier han.
Andersen meiner meir offentleg støtte til mathjelp ville gjort både Frelsesarmeen og andre frivillige organisasjonar betre i stand til å gjere ein god jobb.
– Gjer ein forskjell
Matsentralen Noreg får i dag 7 millionar kroner i årleg statsstøtte, men då som organisasjon.
Rålm meiner behovet blir meir synleg dersom mathjelp blir ein eigen post.
– Mathjelp er eit målretta og effektivt tiltak som gjer ein forskjell for dei det gjeld når det gjeld, seier han.
Ifølgje Arbeids – og inkluderingsdepartementet er det er for tidleg å seie kva støtta til matsentralane blir neste år.
Dei må også komme tilbake til korleis støtta skal organiserast.
– Samtidig er det viktig å hugse at dette er eit tilleggstilbod. Det er Nav som er det felles sikringsnettet vårt og eg oppmodar alle som treng økonomisk hjelp til å bruke Nav, skriv statssekretær Tomas Norvoll i ein e-post.