– Den låner eg flittig ut, så det er greitt. Når dei kjem og støttar oss slik må dei få noko tilbake, smiler Lunde.
Det var ein sliten 43-åring som møtte pressa etter Vipers sitt tredje meisterligagull på tre år.
Dette var keeperen sitt sjuande gull i meisterligaen i karrieren. Berre to spelarar har fleire. Nataliya Rusnachenko frå Austerrike har ti tilbake på 80- og 90-talet.
Øvst tronar Zinaida Turchyna frå Ukraina med 13 gull på 70- og 80-talet.
Sjå intervju med Vipers-keeper Katrine Lunde etter hennar sjuande meisterligagull.
– Stolt
Vipers slo Ferencvaros føre 20.000 tilskodarar i Budapest søndag. Igjen spelte Lunde ei av hovudrollene.
– Det verkar som vi likar trykket. Vi har spelt fantastisk god handball denne sesongen, seier ho.
– Klarer du å ta innover deg at du har vunne sju gonger?
– Eg gjer vel eigentleg ikkje det. Men eg er sjølvsagt stolt over det. Det blir kjekkare etter kvart når eg kan rangere og sjå tilbake, seier ho.
Med mamma på jobb
Med i intervjusona var både dottera Attina og tantebarna, som er barna til tvillingsøster Kristine.
På spørsmål om kva dottera syns om innsatsen til mamma, svarte ho.
– Bra.
– Kva er det kjekkaste med å vere her?
– Å sjå mamma spele, seier ho før ho ber om å få sitte på ryggen hennar.
– Det orkar eg faktisk ikkje, seier Lunde og ler.
Etter ein tur i dusjen skal Vipers-laget ferie gullet i Budapest. Der skal dei også ferie gulla i serie, cup og sluttspel.
– Sesongen har vore lang og eg er frykteleg sliten. Eg gler meg til første fridag i morgon, ler ho.
– Men det blir ein fest og vi skal takke av spelarar og trenarar som skal slutte. Det blir nok ein koseleg kveld, seier ho.