NRK Meny
Normal

Hevdar barna vart slått i barnehagen

Ein kvinneleg førskulelærar i Risør er etterforska av politiet på grunn av skuldingar om vald mot barnehagebarn. Saka er lagt til side på grunn av bevisets stilling. No ynskjer foreldra å anke.

barnehage

Ein kvinneleg førskulelærar i Risør er etterforska av politiet på grunn av skuldingar om vald mot barnehagebarn.

Foto: NRK

Onsdag står seks foreldre fram i Agderposten og fortel om den påståtte valden. I tillegg kritiserer dei både barnehagen og kommunen.

Førskulelæraren starta i barnehagen i desember 2010. Kort tid etter merka foreldra at barna forandra seg. Barn ville ikkje gå i barnehagen.

Redde for å gå i barnehagen

– Sonen min prøvde å stikke fingeren i halsen for å spy for å sleppe. Vi snakkar om fire-fem år gamle gutar, seier Anne May Frøyna ifølgje avisa.

– Vi oppdaga det ved at barna var stille og forsiktige. Dei var redde for å gå i barnehagen. Frå å seie ja, no skal vi i barnehagen byrja han gå gråte. Han gav uttrykk for at det ikkje var greit å vere i barnehagen meir, men han sa ikkje kvifor, seier Albert Walla, som er far til eitt av barna til NRK.no.

Ein 4-åring skal ha forklart at ein kamerat vart halde med i beina med hovudet i doen medan kvinna trykte på knappen. Ein 6-åring fortalde foreldra sine at han nesten vart kvelt av vikaren. Ein 5-åring har forklart at han i nesten ni månader vart halde opp ned og slått i veggen av den kvinnelege barnehagevikaren.

– Når nokre av barna byrja å fortelje konkret om kva som hadde skjedd, så forstod vi at det var ein som ikkje var snill med barna. Då måtte vi ta affære, seier han.

Lagt til side

Foreldra tok opp saka med barnehagestyraren. Dagen etter eit møtet med styraren vart vikaren løyst frå kontrakta før prøvetida var over.

– Problemet var at det ikkje vart gjort noko anna i forhold til det å følgje opp barna og finne ut kva meir som hadde skjedd. Vi som foreldre visste ikkje heilt kort mykje vi skulle spørje barna og ikkje leggje orda i munnen på dei. Difor kom vi seint i gang fordi vi var veldig forsiktige, seier Walla til NRK.no.

Saka vart etterforska av politiet, men vart lagt til sides etter bevisets stilling i august i år. Politiet får kritikk for at det gjekk 201 dagar før barna vart avhøyrt. Ifølgje lova skal valdsutsette barn avhøyrast innan 14 dagar etter politimelding.

– På bakgrunn av det som kom fram i dommaravhøya anser vi dette som ei sak der vi ikkje kunne fått fellande dom, seier politiadvokat Leif Aleksandersen til Agderposten.

– Hasta ikkje

Aleksandersen seier også at politiet ikkje har sikre bevis og at dei heller ikkje har journalar frå legevakt.

– Denne saka kom inn formelt til politiet i januar 2012. Det var ei sak som var veldig spesiell. I slike saker er det viktig at politiet undersøkjer nærare før vi startar med dommaravhøyr. Det er viktig å å undersøkje om det er noko substans, seier Aleksandersen til NRK.no.

– Vi avhøyrde seks vitner og mistenkte. Vi la eit taktisk løp for å unngå å ta dommaravhøyr på nytt. Når vi hadde avdekt så mykje som vi meinte var naudsynt vart dommaravhøyra gjennomført, seier han.

Årsaka til at det tok 201 dagar før dommaravhøyr vart gjennomført forklarar politiadvokaten slik.

– 14 dagars fristen er spesielt med tanke på saker der det er overgrep og fare for løpande overgrep og som må stoppast. I vår sak er det ikkje løpande overgrep, det var ikkje snakk om at noko framleis pågjekk. Her hadde dei mistenkelege forholda pågått frå 2010 til januar 2011. Den hadde ikkje det elementet at det hasta veldig, seier han.

Vil ikkje kommentere

Kommunalsjef i Risør, Else Skjellum, vil ikkje kommentere saka.

– Eg kan ikkje gå inn på personalsaker og eg kan ikkje kommentere noko kring denne saka. På generelt grunnlag kan eg seie at dersom det skjer ting som ikkje skulle ha skjedd i ei kommunal verksemd, så er det frykteleg beklageleg, seier ho til avisa.

Kvinna nekta for skuldingane og forklarte at ho har ein autoritær veremåte. Kvinna skal tidlegare ha jobba som styrar i ein annan barnehage i Aust-Agder.

Styraren i barnehagen har forklart til politiet at ho sjølv ikkje har sett ulovlege forhold.

Foreldra har vore i møte med advokat der dei har bestemt seg for å klage på henleggelsen av saka.

Advokaten til kvinna vil ikkje kommentere saka overfor NRK.no.

– Eg vil ikkje kommentere noko rundt denne saka, seier advokat Daniel Løstegaard til NRK.no.