Marianne Rossevatn fekk mykje mediemerksemd då det vart kjent at ho stiller som ordførarkandidat, berre 19 år gammal.
Ho er Senterpartiets toppkandidat i Hægebostad i Agder.
Men oppslaga førte også til mange negative kommentarar, mellom anna i sosiale medium.
– Det var mykje som gjekk på at eg var for umoden, ikkje hadde nok utdanning, erfaring og ikkje passa som ordførar, fortel ho.
Sjølv har ho valt å trasse dei negative kommentarane.
Men ho forstår at mange unge, særleg kvinner vegrar seg mot å gå inn i politikken.
– Det skal jo ikkje vere sånn. Det er eit demokratisk problem når viktige grupper i befolkninga ikkje er representert.
Det vart mykje merksemd på Senterpartiets landsmøte då det vart kjent at Marianne Rossevatn blir ordførarkandidat berre 19 år gammal. Men ho fekk også mange negative reaksjonar, ikkje minst i sosiale medium.
Foto: Bjarte Johannesen / NRKOppgir to grunnar til nei
NRK har kontakta alle kommunane i Agder og spurt korleis det har vore å få folk til å stille til val.
Tilbakemeldingane frå eit klart fleirtal er at det har vore langt meir utfordrande å finne nok folk til listene enn før.
Det er særleg unge, og spesielt unge kvinner som seier nei. Fredag går fristen ut for å melde inn lister til valet i haust.
– Det har vore tungt. Kort og godt, seier Farsund-ordførar Arnt Abrahamsen (Ap).
Han seier problemet har auka for kvart einaste val. Det gjeld alle listene, og unge folk er vanskelegast å få med.
– Unge folk må rekne med å få mykje drit slengd etter seg for dei politiske standpunkta sine, men også på grunn av heilt andre ting. Spesielt kvinner fryktar grumset som kan komme opp via sosiale medium, seier han.
– Alle partia i kommunen min har hatt ein tøffare jobb enn nokon gong tidlegare, seier ordførar i Vegårshei, Kjetil Torp (KrF).
Men situasjonen i Agder er langt frå unik. NRK fortalde denne veka at Alstahaug Høgre i Nordland berre har ei kvinne på lista si med 14 personar.
Både Høgre og Arbeidarpartiet seier at det har vore ekstra vanskeleg å få folk til å stille på liste mange stader i år.
To hovudgrunnar går igjen:
- Fare for å bli utsett for hets i sosiale medium
- Ugunstige møtetidpunkt
Arnt Abrahamsen er ordførar i Farsund (Ap). Han har mange år bak seg i politikken, og seier det har vore ekstra vanskeleg å få folk til å stille på liste i år.
Foto: Kjetil Samuelsen / NRK– Dum og uerfaren
Ida Hirst (22) har sagt ja til å stille som ungdomskandidat på Arbeidarpartiets liste i Kristiansand.
– Ein er dum, uerfaren og veit ikkje kva ein snakkar om, og burde ikkje uttale seg uavhengig av sak.
Ho ramsar opp ting ho har lese og høyrt folk seie og skrive om henne sjølv og andre politikarar.
No står ho på 5. plass på Kristiansand Arbeiderpartis valliste.
Men 22-åringen måtte gå fleire rundar med seg sjølv før ho til slutt enda på ja.
– Det var ei vanskeleg avgjerd å ta. Men nokon må tore og nokon må stile til val. Viss unge ikkje vel å stille blir ikkje unge stemmer høyrt, seier ho.
– Kvifor var du i tvil om du ville stille?
– Viss du først seier ja må du tore å stå i debatten, meine, skrive lesarinnlegg og ikkje avgrense seg frå å skrive og meine ting. Det er enklare å la vere for å sleppe hets, seier ho.
Ho meiner samfunnet har eit stort problem dersom store grupper ikkje stiller på vallister.
– Det er eit stort demokratisk problem. Vi treng at ulike menneske stiller til val. At dei sit i kommunestyre og fylkesting over heile landet. Dersom berre ei gruppe stiller er det problematisk, seier ho.
Ida Hirst (22) stiller til val til hausten. Men ho var lenge i tvil om ho ville.
Foto: Kjetil Samuelsen / NRK– Blir spytta etter på gata
Leiinga i dei to største partia i landet, Høgre og Arbeidarpartiet, stadfestar at arbeidet med vallistene rundt om i landet har vore krevjande mange stader i år.
Generalsekretær i Høgre, Tom Erlend Skaug seier partiet opplever at mange droppar å stille til val fordi dei fryktar å bli utsette for hets og truslar.
– Det er døme på at lokalpolitikarar blir spytta etter på gata, at dei får kommentarar på alder, utsjånad, kjønn, og i verste fall regelrette drapstruslar.
Han meiner det er forståeleg at mange ikkje orkar meir, eller ikkje vil utsetje seg for dette.
Partisekretær Kjersti Stenseng i Arbeidarpartiet seier utviklinga bekymrar partiet.
– Det bekymrar meg at dei opplever hets og såpass mykje negativt trykk at dei seier nei til å stille til val. Det er eit demokratisk problem dersom debattklimaet er så hardt at folk ikkje kan delta.
Ho understrekar at partiet jobba systematisk over mange år for å få fleire kvinner i posisjonar.
Ho seier også at dei har god beredskap slik at deira folkevalde ikkje skal stå åleine når dei opplever hets.
Partisekretær Kjersti Stenseng i Arbeidarpartiet seier det bekymrar henne at mange unge kvinner ikkje vil stå på vallister.
Foto: Terje PedersenBacket opp av venninne
Trass i dei negative opplevingane vil ikkje Marianne Rossevatn rå unge til å la vere å engasjere seg politisk.
– Vi som er unge no er trass alt vant med å handtere hets og hat på nettet. Og vi er flinke til stille opp for kvarandre.
Ho meiner noko av nøkkelen for å hindre dette er å stå saman, uavhengig av parti.
Sjølv fekk ho støtte frå ei venninne i AUF då ho fekk kritikk for å stille som ung ordførarkandidat.
– Ho gjekk rett i gang og skreiv eit innlegg om at sånt ikkje er greitt.
Den unge ordførarkandidaten har eit klart råd til unge som har lyst å drive med politikk:
– Ta sjansen, stå i det, og støtta kjem frå dei du minst ventar det frå.
Kva trur du er løysinga for å få fleire til å ville stille på vallister?
Velkommen til dialog hos NRK. Siden du er pålogget andre NRK-tjenester så slipper du å logge inn på nytt her, men vi trenger ditt samtykke på våre brukervilkår for dialog på nett