Hopp til innhold

Her var det tropenatt i natt

Lindesnes fyr var den einaste staden i landet der det var tropenatt i natt. Ifølgje Meteorologisk institutt var minimumstemperaturen 20,6 grader.

Lindesnes fyr.

Det var tropenatt ved Lindesnes fyr natt til fredag. (Arkivfoto)

Foto: Morten Rakke / Scanpix

– Frå våre stasjonar er det den einaste staden over heile landet som hadde tropenatt, seier statsmeteorolog Arild Mentzoni til NRK.

Det var målestasjonane på Sørlandet som hadde høgst minimumstemperatur natt til fredag. Ved Torungen fyr i Arendal vart temperaturen målt til 19,2 grader, medan det var 19,3 grader ved Lyngør fyr i Tvedestrand.

Varmt i dag og laurdag

Arild Mentzoni

Statsmeteorolog Arild Mentzoni.

Foto: Ekroll, Anne Liv / Anne Liv Ekroll, NRK

– Det er langs Skagerrak-kysten og innover mot Oslofjorden det er varmast. Innover i landet synk gjerne minimumstemperaturane, seier statsmeteorologen.

Alna i Oslo hadde 19 grader på det lågaste i løpet av natta.

– Dagen i dag ser veldig bra ut og det vert stort sett fint vêr. Men vi kan ikkje sjå bort frå ei og anna ettermiddagsbye i indre strok. Det vert stort sett det same i morgon, seier han.

Ifølgje Mentzoni bør du nyte sola medan du kan. For sola og dei høge temperaturane, som har vore stort sett over heile landet, vil ikkje vare evig.

Finn fram paraplyen

– Temperaturen vil nok gå langsamt litt ned. Det kjem litt mindre varm luft som kjem innover våre område. Men likevel vil vi nok få temperaturar på 25 grader og drygt det på dagtid, seier han.

Allereie søndag må mange finne fram paraplyen.

– Det kjem eit nedbørsområde frå aust og det vil etter kvart komme regn. Søndag blir nok ein grå dag. Frå morgonkvisten og utover dagen må ein vere budd på at det kjem regn og sjølvsagt lågare temperaturar, seier statsmeteorologen.

Også i går var det tropenatt ved Lindesnes fyr. I tillegg var minimumstemperaturen aldri under 20,7 grader på Eigerøy fyr i Rogaland.

Slo varmerekord

Det fine vêret dei siste dagane har også sett sine spor i vêrstatistikkane.

Ulvik i Hordaland var den varmaste staden i Norge onsdag med 34,4 grader. Dette var ny rekord i Ulvik og ein 125 år gammal varmerekord vart slått.

Men det er ikkje alle som får nyte sydentemperaturar. I Finnmark var det under ti grader fleire stader onsdag. Mellom anna på Vardø lufthamn der det var 7,5 grader i går.

Sydenliv i Kristiansand

Det har vore sydenstemning på Bystranda i Kristiansand dei siste dagane.

Foto: Daniel Jacobsen

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %