NRK Meny
Normal

Her skriv dei sjøfartshistorie

Måndag vart det skrive eit nytt kapittel i Aust-Agders sjøfartshistorie. Ei låneavtale mellom skipsreiar Atle Bergshaven og Grimstad kommune sikrar lokale til eit eige sjøfartsmuseum for fylket.

I dag ble det skrevet et nytt kapittel i Aust-Agders sjøfartshistorie. En låneavtale mellom skipsreder Atle Bergshaven og Grimstad kommune sikrer lokaler til et eget sjøfartsmuseum for fylket, rett ved Grimstad sentrum.

VIDEO: Her skriv dei under ei leigeavtale som sikrar lokale til museet. Sjå reportasje om sjøfartsmuseet.

Museet ligg redd ved Grimstad sentrum.

– Vi har inngått ei avtale med kommunen der vi stiller med cirka 800 kvadratmeter i eit moderne bygg, seier Atle Bergshaven som er styreleiar i Hasseldalen AS.

Hans Antonsen

Hans Antonsen

Foto: Pål Tegnander/NRK

– Her kan kommunen etablere eit sjøfartsmuseum saman med kommunen, seier han.

Har privat samling

Bergshaven har allereie ei privat samling i nabolokala. Her er det samla maritime gjenstandar som speglar norsk skipsfart i hundreåret mellom 1850 og 1950.

– Vi vil ha denne samlinga i tillegg til kommunen og fylket sitt museum, seier Bergshaven.

Ordførar i Grimstad, Hans Antonsen, er særs nøgd med at avtala no er i boks.

– Sjøfart har vore heilt avgjerande for Grimstad si utvikling. Det er den store næringa i dag, seier Antonsen til NRK.

– Denne staden er kanskje kjernen i Grimstad si historie som sjøfartsstad. Å få lage eit museum her er fantastisk, seier han.

Kartleggingsarbeid

Førebels er det ikkje klart kva som skal stillast ut. Dette arbeidet går ein i gang med no.

– Vi skal sjølvsagt har utstillingar, men dei er ikkje klarlagde enno. I tillegg til det er aktivitetane rundt oss viktige, seier dagleg leiar ved Grimstad bys museum, Anita Estensen.

– No blir det å stå på og finne ut kva som finst i Aust-Agder, og kva vi kan ta inn her. Då ynskjer vi at heile regionen og fylket bidreg, seier ho.

Sjøfartsmuseum i Grimstad

Det er i dette bygget museet skal liggje.

Foto: Pål Tegnander/NRK