Hopp til innhold

Her ryddar dei opp etter tiggarane

Ei gruppe frivillege rydda laurdag opp søppelet etter tiggarane under Vesterveibrua ved Kristiansand sentrum.

Ei gruppe frivillege rydda laurdag opp søppelet etter tiggarane under Vesterveibrua ved Kristiansand sentrum.

VIDEO: Ei gruppe frivillege møtte laurdag opp for å rydde søppelet etter tiggarane.

Kristin Øygarden

DUGNAD: Kristin Øygarden var ein av dei som deltok i oppryddingsarbeidet.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

Store mengde søppel låg att etter at dei fleste tiggarane reiste heim i desember.

Både madrassar, bord, steikepanner og drøssevis med anna søppel låg under Vesterveibrua, der tiggarane har sove og ete. Både prest, rumenarar og politikarar møtte opp då søppelet skulle ryddast laurdag.

– Eg vart så provosert over at dette vart framstilt som at skattebetalarane sine pengar skulle brukast for å rydde opp etter dei fattige. Det tykkjer eg er så lite fint sagt, seier Kristin Øygarden.

– Byggjer opp under hatet

– Det byggjer opp under det forferdelege hatet som desse menneska opplever, seier ho.

Øygarden peikar også på at tiggarane reiste frå staden medan snøstormen stod på før juletider.

– Det er forferdeleg å tenkje på korleis dei har hatt det. Av og til må vi hjelpe kvarandre. For meg er det veldig meiningsfyllt å kunne hjelpe Frelsesarmeen for å hjelpe tiggarane, seier ho.

Det var etter at NRK.no skreiv om tiggar-søppelet at det vart fart på saka. Varaordførar i Kristiansand, Jørgen Kristiansen, lova at kommunen skulle rydde opp og ville bruke skattekroner på oppryddinga.

Rydda opp etter tiggarane

SØPPEL: Den ortodokse presten Christoforus Schuff har fylt opp to sekkar med søppel.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

Kalla inn til opprydding

Fredag ettermiddag kom Frelsesarmeen på bana. Dei ynskte ikkje at politikarane skulle slå politisk mynt om tiggarane sin situasjon. Dette førte til at diakonarbeidar

Kari Klingsheim

NØGD: Kari Klingsheim i Frelsesarmeen var godt nøgd med oppmøtet.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

Kari Klingsheim kalla inn frivillege til oppryddding under eit radiointervju med NRK fredag.

– Eg er imponert. Her er både prest, rumenarar og politikarar som bidreg. Dette viser at det er vilje og at folk ynskjer å gjere noko godt, seier ho til NRK.no.

– Med god hjelp skal vi unngå at dette skjer igjen, seier ho.

Den ortodokse presten Christoforus Schuff har tidlegare engasjert sterkt for tiggarane. I juni i fjor sette han seg mellom anna ned saman med tiggarane i Kristiansand for å vise solidaritet. Laurdag var også han med på oppryddinga.

– Vi hadde også med oss romfolk på oppryddinga. Det er kjekt å kunne hjelpe. Vi mangla dessverre ein stor container frå kommunen. Mykje av søppelet var allereie lagt i posar. Så var det sjølvsagt ein del som stod att, seier han.

Også Venstre-politikar Eva Kvelland var ein av dei som valde å setje av nokre timar til søppelrydding laurdag ettermiddag.

– Eg tykkjer det er eit prisverdig engasjement frå Frelsesarmeen si side. Når eg kan hjelpe, gjer eg gjerne det. Dette gir meg glede og det kostar meg veldig lite, seier ho.

Rydda opp etter tiggarane

OPPRYDDING: Frelsesarmeen stilte med bil og tilhengar i oppryddingsarbeidet.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %