Hopp til innhold

Her rasa steinen på ti tonn

Steinen som rasa ut i vegen på riksveg 9 i Bygland trilla 300-400 meter før den landa midt i vegbana.

En stein på opp mot ti tonn raset ut i veibanen på riksvei 9 i Bygland.

Sjå kvar steinen rasa ut.

Geologar kartla fredag føremiddag kvar steinen på kring 10 tonn løsna. Frå helikopter såg dei tydeleg kvar steinen løsna.

Gigantisk stein i Bygland

Denne steinen låg i vegbana på riksveg 9 torsdag.

Foto: Bjørg Vatnestrøm

Leiv Rygg

Bygland-ordførar Leiv Rygg.

Foto: Svein Sundsdal / NRK
Geologane har konkludert med at det ikkje er umiddelbar fare for nye ras i området.

Samstundes såg dei at det er lausmassar i området, som kan komme ned seinare.

Ordførar: – Vegvesenet sitt ansvar

Saman med vegvesenet skal dei no vurdere om området skal sikrast mot nye ras.

Det kjem ordførar i kommunen, Leiv Rygg, til å følgje tett med på.

– Vi kjem til å følgje med og undersøke kva dei kjem fram til. Det er i hovusak vegvesenet sitt ansvar. Men vi kjem ikkje til å sitte å sjå på at det ikkje skjer noko. Vi skal vere sikre på at undersøkingane som er gjort er grundige og gode nok, seier Rygg til NRK.

Fredag føremiddag snakka NRK med Oddvar Gunstveit som bur berre 100 meter unna der steinen slo ned i vegen. Han fortalde om at han stedig høyrer mindre ras i fjellsida.

Ber om pengar til rassikring

Ordføraren er ikkje overraska over at steinen ramla ned der den gjorde.

– Vi har jo gått utifrå at det er trygt i og med at det er ei nybygd vegstrekning. Men eg er ikkje overraska. Det er mange stader gjennom Setesdal der det er rasfarleg, seier han.

Ordføraren kjem også med ein bøn til styresmaktene.

– Eg håpar verkeleg at vegvesenet og styresmaktene tek på alvor at det er mange stader i landet vårt som er rasfarlege. Dei må setje av naudsynte midlar til å sikre desse stadene så godt det let seg gjere, seier ordføraren.

– Dette må vi diskutere med geologane, men dei har sagt at det ikkje er fare for nye ras no, seier Per Arnfinn Haugen i Statens vegvesen.

Det vil ikke bli satt igang ekstra sikringstiltak etter at en ti tonn tung stein raste ut på riksvei 9 i Setesdal i går. 
I dag var geologer på befaring ved rasstedet.
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %