– Det handlar mykje om kunnskap eller mangel på kunnskap. I tillegg må ein ha tru på at ein kan få det til. Kan ein skrelle og kan ein bruke kniv, så klarer ein å lage mat, seier undervisningsleiar May Britt Stormoen.
Undervisningsleiar May Britt Stormoen kjøpte fersk sei i butikken.
Foto: Sander Heggheim / NRKGjennom fleire saker har NRK sett fokus på mat på SFO denne veka.
Vi har gått gjennom matkvitteringane til dei største skulefritidsordningane Kristiansand, Grimstad og Farsund.
Ingen oppfyller Helsedirektoratet sine retningsliner når det gjeld fisk. Pølser, pizza, makaroni og kjøttbollar dominerer menyane.
– For dyrt og tidkrevjande
Dei same argumenta går att, når vi spør kvifor det er lite eller ingenting fisk. Det er for dyrt, og tek for lang tid.
Grønsaker dominerer handlekorga til May Britt Stormoen.
Foto: Sander Heggheim / NRKNRK utfordra Geirmyra matkultursenter, som har spesialisert seg på mat til barn, på å lage ei fiskemåltid på Lovisenlund skole i Kristiansand.
Dei tilsette har kring 45 minutt på seg til å lage mat til kring 80 elevar. Ifølgje SFO-leiar Hanne Storsve har dei mellom sju og ni kroner å bruke per elev på varme måltid.
– Det tek mykje tid. Når vi skal lage mat til så mange, så har vi verken kunnskap eller fasilitetar til å gjere det, seier Storsve.
May Britt Stormoen fyller handlekorga med lauk, chili og andre godsaker.
– Eg skal vise korleis ein kan få det til på kort tid, utan at det vert for dyrt og utan å vere meisterkokk, seier ho.
May Britt Stormoen kjøper fersk fisk i butikken, men var ikkje heilt nøgd med prisen. – Det er dyrare her i Kristiansand enn i Oslo. Det er rart, seier ho.
Foto: Sander Heggheim / NRKDårleg og dyrt
Ho skal lage ei fiskesuppe. Men i fiskedisken møter ho på utfordringar. Fisken er dyr.
Stormoen meiner sjømatutvalet generelt er dårleg og dyrt, men landar til slutt på fersk sei.
– Det er ingen skam å kjøpe frosen fisk. Men prøv å bruk andre typar fisk enn berre laks, seier Stormoen.
Tilbake på kjøkenet går ho i gang med å kutte opp grønsakene. Ho får hjelp av elevane Liv Kristin Cameron og Magnus Johnsen.
– Mmm. Det luktar godt, seier Magnus.
I full sving med å lage suppe med fisk på SFO på Lovisenlund skole i Kristiansand. Til høgre følgjer SFO-leiar Hanne Storsve med.
Foto: Sander Heggheim / NRKTi kroner per elev
Kring 50 minutt seinare er suppa klar til servering.
Slik vart suppa til slutt.
Foto: Sander Heggheim / NRKElvane stiller seg på rekke og får servert suppa i blå plastskåler. Og alle vi snakkar med likte maten.
– Det var kjempegodt, seier ein.
– Ja, det var godt. Det smakte litt fisk, seier ein annan elev.
Stormoen laga suppe til 80 elevar. Summen på kvitteringa var 832 kroner. Det betyr litt omkring 10,40 kroner per elev.
– Det overlever vi. Det er heilt innanfor det vi kan bruke på varm mat ein gong i blant, seier SFO-leiaren.
Stormoen understrekar at suppa kan gjerast billegare ved å bruke frosen fisk, og droppe enkelte ingrediensar.
Maten fall i smak på SFO på Lovisenlund skole i Kristiansand.
Foto: Sander Heggheim / NRK