Hopp til innhold

Her kjem Kon-Tiki til Norge

For aller første gang la Kon-Tiki-kopien, som er brukt til filminnspeling om flåten, til i ei norsk hamn.

Et helt spesielt fartøy ankom trebåtfestivalen i Risør i dag. Den autentiske kopien av Kon-Tiki har vært brukt i filmen som har premiere på norske kinoer om kort tid.

Et helt spesielt fartøy ankom Risør trebåtfestival i år.

Flåten er ein av hovudattraksjonane på Risør Trebåtfestival som opnar torsdag. På plass er også Thor Heyerdahl jr.

– Dette var kjempemoro. Dette var min fjerde seilast med Kon-Tiki. Første gang var i Peri, andre i Tahiti, tredje mellom Larvik og Stavern, og no her i Risør, seier Heyerdahl jr. til NRK.no.

Filminnspeling

Kon-Tiki-kopi

I RISØR: Kon-Tiki-flåten på plass i Risør.

Foto: Odd Rømteland/NRK

Flåten har blitt brukt i filminnspeling om Kon-Tiki. Filmen har premiere 24. august. Men Thor Heyerdahl jr., fekk sjå filmen i ei «snikpremiere» onsdag.

– Eg grudde meg litt til å sjå den og var veldig spent på førehand. Eg fekk sjå den på ei privat framsyning og vart gledeleg overraska, seier han.

– Dei har behandla mor mi og far min på ein god måte. Særleg mor mi vart portrettert på ein nydeleg måte, seier han.

– Den er mytisk

Fylkesmann i Aust-Agder Øystein Djupedal var til stades då flåten la til i Risør.

– Det var fantastisk spennande. Kon-Tiki er jo mytisk. Alle som er nordmenn kjenner legenda, seier han.

– Eg gler meg veldig til filmen kjem. Når Thor seier at det er ein flott film, gjer det ekstra inntrykk, så det gler eg meg til, seier Djupedal.

5. august reiser Kon-Tiki vidare frå Risør til Oslo. I hovudstaden skal den vere med på premieren av filmen «Kon-Tiki».

Video Trailer Kon-Tiki

VIDEO: Sjå traileren til Kon-Tiki som har premiere seinare denne månaden.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %